Hopp til innhold
 Foto Bjørn-Kåre Iversen, uit.no helsefak.
Foto Bjørn-Kåre Iversen, uit.no helsefak.
X
Innhald

Ole Mjøs

Ole Danbolt Mjøs, professor i medisin, universitetsrektor og politikar. Som leiar i Nobelkomiteen sytte han for at eit stort internasjonalt publikum fekk høyre klingande nynorsk.

Mjøs var fødd i Bergen 8. mars 1939 og døydde 1.oktober 2013.

Mjøs voks opp som presteson på Stord. Han var cand.med. frå Universitetet i Bergen i 1964 og dr.med. frå Ullevål sjukehus i 1972. Frå 1967 spesialiserte Mjøs seg i hjarteforsking, og frå 1974 bygde han opp eit sterkt fagmiljø i medisinsk fysiologi ved Universitetet i Tromsø.
Gjennom alle år var Mjøs engasjert i kyrkje-, samfunns- og fredsarbeid. I Tromsø vart han raskt kjend for omsorga han synte for slitne alkoholikarar og narkomane. Han hadde mange periodar bak seg i Tromsø bystyre (for KrF), Tromsøysund sokneråd, Nord-Hålogaland bispedømeråd og Kyrkjemøtet.
Mjøs var rektor ved Universitetet i Tromsø i 1989–95 og leidde regjeringsutvalet for høgare utdanning (Mjøs-utvalet) i 1998–2000. I seksårsperioden 2003–2008 var han leiar for Den norske nobelkomiteen. Gjennom heile karrieren var han ein profilert nynorskbrukar. Frå 2002 - 2013 var Mjøs styreleiar for Senter for fredsstudiar ved Universitetet i Tromsø. Mjøs var også  professor emeritus (frå våren 2009) ved institusjonen og heldt fram engasjementet for helse og fred så lenge han levde. 

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 16.10.2013