Hopp til innhold
Otto Huseklepp. Foto: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Otto Huseklepp. Foto: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Otto Huseklepp

Otto Huseklepp var folkehøgskulestyrar, lærebokforfattar og museumsmann, med sterkt engasjement for kristeleg organisasjonsarbeid.

Otto Huseklepp var fødd 2. april 1892 i Guddal i Fjaler, men voks opp i Lundegrend i Gaular, der faren var lærar. Han døydde 31. juli 1964 i Førde.

Huseklepp var elev ved Sunnfjord Ungdomsskule (folkehøgskule) i 1909–11 og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1915. Same året vart han tilsett som lærar ved Sunnfjord Ungdomsskule. Her var han lærar til 1923, med permisjon i åra 1917–19, då han tok mellomskuleeksamen i Volda (1917–18) og gjekk Askov folkehøgskule i Danmark (1918–19).

Frå 1923 til 1929 var Huseklepp lærar ved Nordfjord Ungdomsskule i Gloppen. I 1929 vende han heim til Førde og vart styrar ved Sunnfjord Ungdomsskule. Her var han til 1952, då han måtte slutte på grunn av sviktande helse.

Huseklepp var ein aktiv organisasjonsmann, engasjert i indremisjon, målsak og fråhaldssak. Han var medlem av kommunestyret og skulestyret i Førde, og han var vararepresentant til Stortinget for Venstre frå 1946 til 1953. Huseklepp var medlem av Samordningsnemnda for skoleverket (1947–52), som leverte 19 innstillingar om skule og utdanning.

Han var medlem av Bjørgvin bispedømeråd, Bjørgvin kyrkjesogelag og Førde sokneråd, og han møtte også ei tid i Norsk språknemnd.

Huseklepp gav ut fleire lærebøker for framhaldsskulen og folkehøgskulen, og han var med i skriftstyra for to bøker om folkehøgskular og ei om Noregs Kristelege Ungdomsforbund i Sunnfjord. Huseklepp var ein viktig person i arbeidet med å få til Sunnfjord Museum i Førde og hadde samla inn kring 500 gjenstandar til opninga av museet i 1926. I 1958 gav han ut Sunnfjordtunet, om arbeidet fram mot skipinga av Sunnfjord Museum og om husa og samlingane på museet.

Vokster (1942) er ei samling forkynnande tekstar, der Huseklepp skriv om krava til sant kristenliv i ei tid der kristen tru, etter hans syn, står steilt mot ein veksande materialisme i samfunnet.

I 1952 fekk Otto Huseklepp Kongens fortenestemedalje i gull.

 

Kjelder

Otto Huseklepp og Kristian Ulltang: Solvang. Sunnfjord Ungdomsskule 1902–1952. Førde 1952

«Otto Huseklepp», minneord i Firda, 7.8.1964

K.T.: «Otto Huseklepp. Minneord», Jul i Sunnfjord 1964

 

Peikarar

Forfattarside om Otto Huseklepp på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no


Sist oppdatert: 26.06.2019