Faktaboks

Øystein Orten
Fødd
22. juni 1962, Hareid, Møre og Romsdal
Øystein Orten.
Av /Samlaget.

Øystein Orten er ein norsk lyrikar og romanforfattar. Han har òg skrive noveller og dokumentarbok, der forfattaren understrekar sitt litterære rotfeste på Nordvestlandet.

Bakgrunn

Øystein Orten er fødd på Hareid i Møre og Romsdal. Han tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1988, med hovudoppgåva «Organiseringa av det kristelege ungdomsarbeidet på Sunnmøre ca. 1870–1920». I tillegg til forfattargjerninga har han vore tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule.

Forfattarskapen

Lyrikk

Orten debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995. Han har seinare gitt ut fleire diktsamlingar, slik som fluktliner (2000) og kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004). I mange av dikta dannar vêr og natur det tematiske utgangspunktet. I samlinga fluktliner er dette gjort ved at eit fjordlandskap oppstår i stadige møte mellom det som er, og det som har vore, med eit landskap som skaper rom for både menneske og historie.

Romanar

I 2003 romandebuterte Orten med slektskrønika Livingstones retrett. Handlinga er lagd til øya O i tidsromet frå tidleg 1900-tal til 1940. Det harde kystmiljøet mellom fiskarbønder på Nordvestlandet vert teikna opp. Ein gut veks opp i dette forblåste miljøet mellom dei to krigane, og han utgjer bandet til neste roman, Vegen til Neverland (2005).

Som i den første romanen er handlinga i Vegen til Neverland omslutta av ei forteljarstemme frå notida, som både innleier og avsluttar – eit eg, som gjer at romantrilogien også blir eit søk etter identitet og rotfeste. Vegen til Neverland dekkjer krigsåra og tida fram til 1962. Dette er det året forteljaren sjølv vert unnfanga, og romanen fortel historia til foreldra slik han greier å rekonstruere henne. Samstundes er romanen ei skildring av okkupasjonstida i norsk historie, med ei fiksjonsskildring som trekkjer storpolitikken inn i heimen.

Den siste romanen i hovudverket er ei oppvekstskildring. Rabarbrakrigen (2007) tek for seg oppveksten i ei kystbygd på Nordvestlandet på slutten av 1960- og byrjinga av 70-åra. Mellom bedehus og rock, med ei splittande EEC-avstemning under oppsegling og eit mangfald av bygdeoriginalar byggjer Orten dei siste tidsbileta i trilogien.

Romanane til Orten har autentiske innslag frå norsk og utanlandsk historie, men gjer ikkje krav på å vere dokumentarisk korrekte. I Rabarbrakrigen, som er lagd til ei tid og eit miljø som liknar forfattaren sin eigen oppvekst, understrekar han òg at det er tale om ei fiktiv forteljing.

Sakprosa

I 2009 kom dokumentarboka Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940–45. Her grip Orten inn i krigsåra frå ein annan vinkel enn i romanen Vegen til Neverland. Gjennom ein mosaikk av einskildhistorier, dei fleste frå Vestlandet, teiknar forfattaren okkupasjonshistoria nedanfrå. Historiene til kjende motstandsfolk som Shetlands-Larsen, Martin Linge og Jan Baalsrud vert vovne saman med meir ukjende einskildhistorier som han følgjer kronologisk gjennom åra med tysk okkupasjon av Noreg.

Orten fremjar ei tradisjonell forståing av den norske motstandskampen i dokumentarboka, men knyter på ein meir utradisjonell måte banda mellom erfaringane til dei mange einskildpersonane og vidare til det store krigsspelet. I etterordet heiter det om dokumentarboka: «Kvart eit ord som blir sagt, og kvar ein tanke som er uttrykt, er fundert i dei munnlege og skriftlege kjeldene.» Dette understrekar skilnaden mellom dokumentarprosjektet og den tidlegare romantrilogien.

Noveller

I Sjabervik (2011) har Orten skrive 21 noveller som strekkjer seg over 175 år i ei tenkt sunnmørsbygd, inndelt i tidsepokar med metrologiske nemningar frå ordboka til Ivar Aasen: frost, læke, disme og kyld. Endringar i språkdrakta er med på å understreke tidsspennet, frå dansk til riksmål og nynorsk. Mange av karakterane til Orten er menneske som har falle utanfor i historia, med harde prøvingar og materiell naud. Trass i dei store spranga i tid vev Orten band og knyter personane i ulike noveller saman. Som i forfattarskapen elles kjem vi nær temperamentet, vêret og historia som ligg i folket på Nordvestlandet.

Bibliografi

  • Krigshistorier (Noveller, Samlaget, 2020)
  • Aldri kome tilbake (Roman, Samlaget, 2019)
  • Italiensk reise : den håplause jakta på ei sjel (Sakprosa, Ura forlag, 2018)
  • Brevet til Rosalin (Roman, Samlaget, 2016)
  • Risp i berget (Noveller, Samlaget, 2015)
  • Rasmus Rebellen (Roman, Samlaget, 2013)
  • Sjabervik (Noveller, Samlaget, 2011)
  • Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil (Dokumentar og historie, Samlaget, 2009)
  • Rabarbrakrigen (Roman, Samlaget, 2007)
  • Vegen til Neverland (Roman, Samlaget, 2005)
  • Kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (Lyrikk, Samlaget, 2004)
  • Livingstones retrett (Roman, Samlaget, 2003)
  • Fluktlinjer (Lyrikk, Samlaget, 2000)
  • Havflammen (Lyrikk, Gyldendal, 1995)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg