Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Benum

Peter Albert Benum, skulemann og botanikar, overlærar ved Tromsø lærarskule og styrar av den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum gjennom mange år.

Peter Benum var fødd i Beitstad i Nord-Trøndelag 24. februar 1882 og døydde i Mosjøen i 1959. Han gjennomførte underoffiserskulen i 1901–04 og tok examen artium i 1907. I 1904 blei han lærar ved Vefsn folkehøgskule, som broren, Odin Benum, hadde skipa. Han var overlærar ved Tromsø lærarskule frå 1921, lektor same staden frå 1938 til 1947 og konstituert rektor studieåret 1946–47. Parallelt med lærargjerninga ved lærarskulen var Benum frå 1926 styrar for den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum, og frå 1947 til 1952 var han tilsett som konservator på fulltid.

Benum underviste primært i naturfag ved lærarskulen. Særleg interesserte han seg for botanikk. Han innleidde ein ny epoke ved den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum. Han utvida og kompletterte særleg det nordnorske karplanteherbariet, slik at det kunne bli ei representativ samling for forsking. Han gjorde feltundersøkingar over det meste av Nord-Noreg og samla eit stort materiale frå Troms fylke, som utgjorde grunnlaget for det store arbeidet hans The flora of Troms fylke (1958).

Benum var sterkt engasjert i den frilynde ungdomsrørsla og var redaktør for ungdoms- og målbladet Haaløygen, organ for Hålogaland Ungdomslag, i 1908–13. Han var medlem i styret for Bondeungdomslaget i Tromsø i seks år og styreleiar i 1924 og 1928, og han var medlem i styret for Noregs Ungdomslag i 1919–24. Han var òg engasjert i målsaka. I 1899 var han med på å skipe Mosjøen og Vefsn Mållag.

Benum var medlem av styret ved Tromsø Museum i 1927–49, styreleiar i 1933–38. I 1939 blei han æresmedlem av museet.

Kjelder

Harald Gram og Bjørn Steenstrup (utg.): Hvem er Hvem? Oslo 1948

Kristian Halse: «Oplysning skal være vor Lyst». Vefsn folkehøgskole 1899–1999. Mosjøen 1999

Jan Kløvstad (red.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896–1996. Oslo 1995

Toralv Lunde: Bondeungdomslaget i Tromsø i 25 år. 1914–1939. Tromsø 1939

Tromsø Museum gjennom 75 år. 1872–1947. Trondheim 1947

Ørnulv Vorren (red.): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø Museum 1872–1972. Tromsø 1972

Først publisert: 01.11.2016
Sist oppdatert: 01.11.2016