Hopp til innhold
Rakel Solstad. Foto: Benedikte Skarvik / Samlaget. Nytta etter avtale.
Rakel Solstad. Foto: Benedikte Skarvik / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Rakel Solstad

Rakel Solstad er forfattar og skribent, og har i mange år arbeidd som lærar og pedagogisk-psykologisk rådgivar. Solstad skildrar oppveksten til barn i utsette posisjonar.

Rakel Solstad er fødd 9. januar 1945 i Finnmark og bur i Trondheim. Ho har utdanning som allmennlærar frå Tromsø lærerhøgskole (1967), og er cand.polit. frå Universitetet i Trondheim med faga psykologi, nordisk og pedagogikk (1983). Solstad har arbeidd som lærar og pedagogisk-psykologisk rådgivar i Barne- og familietenesta i Trøndelag.

Solstad skriv på nynorsk og har gitt ut to novellesamlingar og ein roman. I tillegg har ho publisert artiklar i fagblad og aviser. Ho nyttar både den personlege erfaringa og yrkeserfaringa når ho gjer barn sine lagnader om til tekst. Skildringane hennar av barn er ærlege, truverdige og ujålete, og ho syner stor forståing for barnet si tankeverd. Språket i bøkene er intenst og metta med meining. Stemningar vert skapte nøkternt og stillferdig, men samstundes på ein sterk og effektiv måte.

Ho debuterte i 2013 med novellesamlinga Men kva veit vi om barna, som episodisk skildrar tre ulike barn sine liv. Forteljingane gir eit nært møte med den einsame jenta, guten i fosterheim og den lengtande internateleven. I for internatunge (2019) er Solstad sin første roman. Dei sterke historiene om elevane ved internatskulen i Finnmark har eit samfunnsmessig og politisk bakteppe. I 1950- og 60-åra vart samiske og kvenske barn flytta frå heimane sin for å få utdanning og verte fornorska. Livet kunne vere brutalt for desse barna, og romanen skildrar omsorgssvikt på fleire nivå.

 

Kjelder

E‑post frå Rakel Solstad 22.11.2019

 

Rakel Solstad, bibliografi, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/rakel-solstad/ [lesedato 11.11.2018]

Reidun Kydland: «Rakel Solstad: I for internatunge», bokmelding, nynorskbok.no, publisert 10.5.2019: https://www.nynorskbok.no/2019/05/10/rakel-solstad-i-for-internatunge/ [lesedato 11.11.2018]

Anita A. Pedersen: «Bokanbefaling: Rakel Solstad – Men kva veit vi om barna», publisert 8.3.2017: https://sandnesbibliotek.no/bokanbefaling-rakel-solstad-men-kva-veit-vi-om-barna/ [lesedato 11.11.2018]

 

Peikarar

Samlaget: «'Falle' av Rakel Solstad – Ny novellesamling», pressemelding, mynewsdesk.com, publisert 19.8.2015

Elise Solvåg: «Bokmelding: 'I for internatunge' av Rakel Solstad», framtida.no, publisert 18.8.2019

Først publisert: 06.03.2020
Sist oppdatert: 24.09.2020