Faktaboks

Rolf Fredheim

Rolf Magne Fredheim

Fødd
16. november 1939, Florø, Vestland

Rolf Fredheim er ein norsk industriarbeidar og forfattar som tok pulsen på tida som profilert arbeidarlyrikar i 1970-åra.

Bakgrunn

Rolf Fredheim er fødd i Florø. Han segla i fleire år til sjøs og har arbeidd som industriarbeidar. Først utdanna han seg til låsesmed, seinare til lærar og så til lektor med historie hovudfag frå 1989. Emnet for hovudfagsoppgåva var emigrasjonen frå Horten og omland i tidsrommet 1867–1914.

Forfattarskap

Etter fleire år som verftsarbeidar i Horten, der han har budd sidan 1975, visste han kva han skreiv om då han debuterte og markerte seg som arbeidarlyrikar på Gyldendal med diktsamlingane Mi røynd (1977), Liding og kamp (1978) og Enkel varme (1979). Seinare har han skrive romanar for ungdom og vaksne, to saman med Willy Flock.

Fredheim hentar motiva sine frå kvardagen i familien, bygda, industrien og sjømannslivet og tek parti med fattige, undertrykte og vanskelegstilte. Skrivemåten er prega av ei søking etter det presise uttrykket.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Glette, K. (2009): Vestfolds litteraturhistorie 1000–2000. Sakprosa og skjønnlitteratur. Oslo: Novus

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg