Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Signe Seim

Signe Finne Seim, lærar, omsetjar og lyrikar som mellom anna har utvikla læremiddel om Ivar Aasen og Per Sivle.

Signe Seim er fødd på Voss 1. mai 1929. Etter at ho tok eksamen ved lærarskulen i Oslo i 1952, arbeidde ho som lærar på Nesna i eitt år, i Oslo til 1954 og sidan på Ål til 1980. Deretter har ho vore forfattar på heiltid.

Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Ho har særleg dyrka lyrikken og har gitt ut ni diktsamlingar. I 1986 kom Her budde ein gong eit barn, ein prosalyrisk, psykologisk roman om jenteoppvekst. I diktsamlinga Rop hausten heim (2009) finst mange dikt med religiøse allusjonar, og ein kristen bodskap er elles tydeleg gjennom heile forfattarskapen.

Ein annan sentral tematikk er mennesket i møte med ein sårbar natur. Seim er oppteken av økologiske problem. Fugleliv og vekstar i breheimen har òg ein symbolsk og religiøs funksjon. Seim høyrer heime i ein modernistisk tradisjon, og språket er konkret. Ho kan tidvis blande inn latinske botaniske termar, og i nokre høve brokkar frå tysk og engelsk.

«Kvinner»

Me var geriljakvinner
som skaut frå hofta.
Me var amasoner
som rusa fram med lyfte lanser,
fullt stridande til liks med menn.
På vakt
under berr himmel ved natt,
kunne me teia.
Det hende
me slappa av med blad
før trefningar,
men kvinnene som smilte frå papiret,
det var kje deira fridom
me skulle stri for neste dag.

Diktet «Kvinner» av Signe Seim: Etter lang vandring. Det Norske Samlaget 1972. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Seim har òg skrive for barn. Ho har utarbeidd undervisningsopplegg til skulebruk om Per Sivle (1974) og Ivar Aasen (1978). Tre små skodespel i eit lettleshefte kom òg ut i syttiåra. Ho har sidan publisert forteljingsbøkene Ekornfolket frå Hundreårsskogen (1993) og Rypefolket i Snøfonndalen (1999), og ho har omsett nokre barne- og ungdomsbøker og har skrive bokmeldingar.

Seim fekk Hordaland fylkes kunstnarstipend i 1978. Ho fekk Sunnmørsprisen og Oslo domkyrkjes bokpris i 1986 for boka Her budde ein gong eit barn.

«Eg skulle ynskja»

Eg skulle ynskja
me kunne samla oss i flokk ein dag
og storma ned frå fjellet
som ville dyr med opne gap,
skrika oss håse i lag
av sorg og raudt raseri
over alt vanvit i verda
og over kvart vanvits tap.

Eg skulle ynskja
me kunne fara med feiande kostar
ei frøsande heksenatt over jord,
sopa bort meinskap og vonde vette
med banning og sterke ord,
lysa kvar maktsjuk herskar i bann,
laga eit heksebål av dette
og tyna demonar med brann.

Eg skulle ynskja
me kunne bera stein til ein mur
som voks til vern kringom land
og stengde ute kvar drepande gufs,
kvar bylgje av gift mot strand,
reisa i trass mot pest og lyn
eit vern for alle liv,
leggja stein på stein til ein mur
som ruvde mot himmelsyn.

Eg skulle ynskja
me kunne sitja ein dag
og leva i alt omkring.
Kvila ved bekkene,
fylgja med fuglane,
lukta på blomane,
kjenna på graset
og takka for alle ting.

Eg skulle ynskja
at kvelden kom med fred til alle,
still og mjuk.
Eg skulle ynskja
ein morgon kom med ljos til alle
og trengde gjennom sveitteduk.

Diktet «Eg skulle ynskja» av Signe Seim: Etter lang vandring. Det Norske Samlaget 1972. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Kjelder

Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 2. Stavanger 1966

Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987

Olav Hr. Rue (red.): Det Norske Samlaget. Bøker 1869–1992. Ein forlagsbibliografi. Oslo 1993

Peikarar

Bibliografi i Bibsys

Digitaliserte bøker av Signe Seim på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 18.07.2018