Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse, lærar, kulturarbeidar og målreisar. Han arbeidde for norsk mål i skulen i ei språkpolitisk brytingstid. Nesse skreiv også fleire bøker på landsmål.

Sigurd Nesse var fødd på garden Nessane i Balestrand 31. mars 1852. Han starta lærarutdanninga på Balestrand lærarseminar og fullførte studiet på Stord i 1872. Den første lærarposten fekk han i 1873 i Haukedalen i Førde, Sunnfjord. Han flytta så etter fire år til Norane i Sogndal og kom her inn i miljøet kring folkehøgskulen, der nasjonal kulturreising på kristen grunn stod sterkt.
 
Den nasjonalt oppglødde læraren slo seg ned i Vik i Sogn hausten 1882. Kristendom og norskdom var viktige element i undervisninga hans, og han vart snart ein profilert kulturarbeidar og målreisar i Vik. Norsk mål i skulen vart ei stor stridssak i vikjaskulen, og etter langvarig og hard strid med riksmålsfolket i bygda reiste Sigurd Nesse frå Vik til Eidsvoll i 1893. Her arbeidde han i skulen heilt fram til 1923. Ved sida av lærargjerninga skreiv han spelstykke, diktsamlingar og forteljingar på landsmål.
 
Nesse døydde i 1955, knapt 103 år gammal.
 
Kjelder
Kjell Bergfjord og Arne Inge Sæbø: «Målsoge for Vik». Årbok Vik historielag 1997 

Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013