Hopp til innhold
Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Stortinget.
Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Solveig Sundbø Abrahamsen

Solveig Sundbø Abrahamsen, førskulelærar, skuleleiar og politikar for Høgre, blei i 2007 den første kvinnelege ordføraren i Seljord.

Solveig Sundbø Abrahamsen er fødd 13. september 1963 i Seljord i Telemark. I 1982 fullførte ho samfunnsfaglinja ved Bø vidaregåande skule. Ho er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Telemark i 1986.

Abrahamsen var lærar ved Åmotsdal skule i Seljord i 1986–88, styrar i Flatdal og Åmotsdal barnehage i 1988–97 og lærar ved Flatdal skule i Seljord frå 1997. Ho blei rektor ved same skulen i 2007, men har permisjon frå stillinga, sidan ho er heiltidspolitikar.

I 1999 kom Abrahamsen inn i Seljord kommunestyre for Høgre. Perioden etterpå var ho medlem av formannskapet, og i 2007–13 var ho ordførar. I 2013 gjekk ho tilbake til rolla som vanleg kommunestyremedlem, noko ho har vore sidan. I perioden 2011–15 var ho medlem av fylkestinget i Telemark. Sidan 2013 har ho møtt på Stortinget, først som fast møtande vararepresentant for statsråd Torbjørn Røe Isaksen og frå 2017 som fast representant. Den første perioden var ho medlem av finanskomiteen. Frå 2017 er ho medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Medan Abrahamsen var ordførar, blei Seljord kåra til Årets nynorskkommune. Ho har arbeidd for å få utarbeidd lokale planar for språk i skule, barnehage og administrasjon. Som stortingsrepresentant har ho markert seg som ein pådrivar for å ruste opp vegane i Telemark, flytte oppgåver til kommunane, redusere kostnadene i offentleg sektor og leggje betre til rette for reiselivsverksemdene i heimfylket. 

Abrahamsen blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Solveig Sundbø Abrahamsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SSA [lesedato 29.11.2017]

Marit Lajord: «Tankar om språk», framtida.no, publisert 17.6.2011: https://framtida.no/2011/06/17/tankar-om-sprak [lesedato 29.11.2017]

Innlegg i stortingsdebattar frå Solveig Sundbø Abrahamsen, stortinget.no: https://sok.stortinget.no/?customercode=SSA&groups=G735&aid=810 [lesedato 29.11.2017]

Først publisert: 11.01.2018
Sist oppdatert: 11.01.2018