Hopp til innhold
X
Innhald

Sturla Brørs

Sturla Brørs (1890–1986) var fødd på Namdalseid og var folkehøgskulelærar i Vefsn, på Sund og i Namdal.

Frå 1932 var han rektor ved Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal. Han skreiv nokre amatørskodespel for romanen Dei tri brørne og den gamle mannen kom i 1923. Her skreiv han om møtet mellom tradisjonen og moderniseringa av samfunnet. Han skreiv fleire skjønnlitterære tekstar, novellesamlinga Stjernebruene så seint som 1971.

I 1946 gav han ut det vesle skriftet Det norske laget, der han brukar symposiumforma (eit lag er eit gjestebod) for å drøfte kva slags verdiar nynorsken har gjeve landet.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 13.11.2018