Hopp til innhold

Sverre Hatle

Sverre Hatle var med i nybrotsarbeid for samisk som skulespråk frå 1960-åra. Seinare vart han ei drivande kraft i arbeidet for dialekt og nynorsk på Nordmøre.

Sverre Hatle er fødd i Fræna 31. mai 1942. I 1966 kom han som nyutdanna lærar til Skoganvarre skole i Porsanger, før samisk språk enno hadde fått plass i skulen. Det vart starten på eit omfattande arbeid med lærebøker og læreplanar på samisk. Han skreiv mellom anna ei begynnarbok og laga eit læreverk for 3.–6. klasse saman med Johan Jernsletten. Hatle skreiv òg planen for «Samisk som morsmål» i Mønsterplan for grunnskolen i 1974.

Etter fem år som rektor på Sjoa flytta Sverre Hatle i 1980 til Surnadal, heimbygda til kona Randi Skrøvset Hatle, der dei seinare overtok garden etter foreldra hennar.

I halvanna år frå hausten 2007 hadde Hatle ei fast dialektspalte i avisa Driva, «Ord frå kistebotnen». Dette var eit førearbeid til dialektordboka Ord te gagns. Ord og uttrykk frå Surnadal, som Surnadal Heimbygdlag gav ut i 2010. Boka inneheld meir enn 6000 ord på surnadalsdialekt og byggjer på arkivet etter Bjarne Østbø. Det vart òg gitt ut eiga lydbok. I 2013 kom ein ny serie på 25 artiklar i Driva, no i høve Språkåret.

I 2011 samla Randi og Sverre Hatle ein del av dikta sine i boka Å vera her, som Randi òg illustrerte. Fleire av dikta er tonesette. Ein av salmane til Hatle, «Du er mi øy i havet, Gud», er å finne i Norsk salmebok 2013. Han har òg skrive boka Surnadal Bondelag 100 år (2014) og redigert bøker med dikt av Jørgen Gravvold og Hans Hyldbakk.

Hatle fekk Målprisen til Nordmøre Mållag for 2008. I 2012 vart han tildelt Kleivaprisen, kulturprisen til Surnadal kommune.

Kjelder

E‑post frå Sverre Hatle 28.11.2017

Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle: Å vera her. Surnadal Heimbygdlag, 2011

Peikarar

Petter Pedersen: «Hatle fekk målprisen», Driva 30.5.2009, driva.no 

Tor Helge Solli: «Kleivaprisen til Sverre Hatle», Tidens Krav 25.5.2015, tk.no 

Møre og Romsdal Bondelag: «100 år med bondehistorie i Surnadal», publisert 13.11.2014, bondelaget.no 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018