Hopp til innhold
X
Innhald

Theodore Slette

Theodore Slette, lektor og leksikograf som laga den første store nynorsk-engelske ordboka.

Theodore Slette var fødd ved Rock Falls, Wisconsin 6. november 1886 og døydde på Voss 18. november 1985. Foreldra hans hadde begge utvandra frå Skjåk. Etter å ha teke studenteksamen i USA i 1913 var han i 1913/14 elev ved Voss folkehøgskule. I 1921 tok han filologisk embetseksamen ved Universitet i Oslo, med faga norsk, engelsk og historie.
I 1921 vart han tilsett som lektor ved Voss landsgymnas, og her arbeidde han til 1946. Då fekk han permisjon for å arbeide med ei norsk-engelsk ordbok, og dette vart hovudgeskjeften hans resten av livet, også etter at han pensjonerte seg i 1955. Han arbeidde mellom anna i to år med ordboka i Seattle, som Fulbright-stipendiat.
Norsk-engelsk ordbok kom i 1977 og var utgitt av Skuleboknemnda til Studentmållaget i Oslo. I ordboka la Slette vekt på å ha med omsetjingar av ord knytte til bygdemiljø, folkeminne og folkloristikk, og boka, som er på meir enn 1300 sider, har omsetjingar av mange ord ein ikkje finn andre stader.
Kjelder
Johannes Gjerdåker: «Theodore Slette og hans tid på Voss», Gamalt frå Voss 40. Voss 2008
Theodore Slette: Norsk-engelsk ordbok. Oslo 1977
Voss folkehøgskule 1895–1915. Voss 1915
Voss offentlege landsgymnas. Ei tretti-årsskrift 1916–1946. Voss 1946

Først publisert: 25.08.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013