Faktaboks

Torlaug Løkensgard Hoel
Fødd
10. mars 1939, Ål i Hallingdal

Torlaug Løkensgard Hoel er professor emerita og skriveforskar ved NTNU. Ho har fått prisar for framifrå forsking, forskingsformidling og pedagogisk virke.

Ho tok examen artium ved Oslo Sprogskole i 1958 og vart cand.philol. i 1973, med norsk som hovudfag. Etter det har ho lang praksis frå undervisning. I 1995 disputerte ho for dr.art.-graden med avhandlinga Elevsamtalar om skriving. Responsgrupper i teori og praksis ved Universitetet i Trondheim.

Hoel var førsteamanuensis ved Pedagogisk seminar, Universitetet i Trondheim frå 1980 og professor i fagdidaktikk ved Program for lærarutdanning (i dag Institutt for lærarutdanning) ved NTNU sidan 1999. Ho har òg vore prodekan ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing, NTNU, i perioden 2002–05, og har vore tilknytt Noregs forskingsråd som forskingsleiar og som fagleg ekspert.

Hoel har skrive ei rekkje fagbøker og artiklar om skriving. Fleire av dei er pensumbøker i høgare utdanning, mellom anna Skriving ved universitet og høgskolar – for lærarar og studentar (2008) og Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning (2000/2010), den siste i samarbeid med Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg.

Hoel er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 2012 fekk ho saman med Sissel Lie NTNUs likestillingspris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Løkensgard Hoel, T. (2008): Skriving ved universitet og høgskolar – for lærarar og studentar. Oslo: Universitetsforlaget
  • Dysthe, O., Hertzberg, F. & Løkensgard Hoel, T. (2010): Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt forlag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg