Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Valgerd Svarstad Haugland

Valgerd Svarstad Haugland, lærar, fylkesmann og tidlegare statsråd. Ho var den første kvinnelege partileiaren for Kristeleg Folkeparti og ein av dei mest profilerte politikarane i Noreg ved inngangen til 2000-talet.

Valgerd Svarstad Haugland er fødd 23. august 1956 i Kvam i Hordaland. Ho har lærarutdanning frå Alta lærarhøgskule (1975–79), før ho tok kristendom grunnfag ved Menighetsfakultetet (1980) og statsvitskap mellomfag ved Universitet i Oslo (1981–82). Svarstad Haugland har vore lærar ved Kristianslyst ungdomsskole (1983–87) og Ringstabekk ungdomsskole (1987–89). Ho har vore dagleg leiar for Kristeleg Folkepartis Kvinner (1989–91) og kyrkjeverje i Oslo kommune (2006–11). I 2011 vart ho utnemnd til fylkesmann i Oslo og Akershus.
Sidan 1978 har ho hatt mange sentrale politiske tillitsverv. Mellom anna har ho vore nestleiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom (1979–82), leiar for programkomiteen til Kristeleg Folkeparti (1991–93), første nestleiar i KrF (1991–95) og leiar i KrF (1995–2004). Svarstad Haugland var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti for Akershus i 1993–2005. I Kjell Magne Bondevik si første regjering var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet i 1997–2000, og i Bondevik si andre regjering var ho statsråd for Kulturdepartementet i 2001 og statsråd for Kultur- og kyrkjedepartementet i 2002–05.
Som partileiar ville Svarstad Haugland gjere Kristeleg Folkeparti til eit kristendemokratisk parti som appellerte ut over veljarkrinsen frå bedehusmiljøa. Ho hadde eit liberalt syn på område som familiepolitikk og likestillingspolitikk. Profilerte saker var å auke barnehageutbygginga og å styrkje barnevernet. Ei viktig oppgåve som barne- og familieminister var å innføre kontantstøtte til familiar som ikkje hadde barna sine i barnehage. Dette skulle auke valfridomen for barnefamiliane i Noreg. Ho arbeidde òg for å endre likestillingslova i meir radikal retning.
Svarstad Haugland vart kommandør av St. Olavs Orden i 2004 for tenesta som statsråd.
Kjelder
Olav Kobbeltveit: Valgerd – eit portrett. Oslo 2004
Valgerd Svarstad Haugland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=VSH [lesedato 4.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 31.03.2017