Faktaboks

Vegard Markhus
Fødd
27. november 1983, Norheimsund, Vestland
Vegard Markhus.
Av /Samlaget.

Vegard Markhus er forfattar, illustratør, lærar og musikar. Han har gitt ut fleire biletbøker for born, der han skaper humor ved å snu kjende kontekstar og uttrykk på hovudet.

Bakgrunn

Vegard Markhus er fødd i Norheimsund i Kvam i Hordaland (no Vestland). Han har utdanna seg ved linja for utøvande musikk ved Viken Folkehøgskole i 2002–2003 og vart i 2004-2008 utdanna adjunkt frå Høgskolen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet). Markhus har arbeidd som lærar og forfattar sidan 2008 og har i tillegg turnert for Den kulturelle skulesekken.

Forfattarskapen

Forfattaren sitt særpreg ligg i samspelet mellom tekst og illustrasjonar. Markhus sitt visuelle uttrykk er enkelt og tydeleg, men samstundes absurd og humoristisk. Ein naivistisk strek vert supplert av leik med ord og uttrykk.

Markhus debuterte med biletboka Redd i 2008. Her skaper han eit surrealistisk univers som illustrerer det irrasjonelle i born sin angst, til dømes redselen for mørke skogar, grøne monster og sinte menn. I Timothy mister seg sjølv (2010) møter vi ein snodig kar, som reint faktisk misser delar av seg sjølv og må lime seg saman att. Med humor som sterkt verkemiddel, og med den underliggjande bodskapen om «å misse seg sjølv», har denne boka ei vid målgruppe.

Markhus har òg skrive bøker for leseopplæring, mellom anna Klassebildet (2013), for Zeppelin leseserie for elevar på 1.–7. trinn, og Epleslang (2015) og Full fart (2016) for lettles-serien Leseland. Dei to siste handlar om elevane Rine og Ravi, som strevar med ein svært tøysete og bråkete lærar. Ei kjedeleg bok (2017) spelar òg på humor og det absurde. Hovudpersonen vil ut av den kvite, kjedelege boka han er i, men endar opp med å la eigen kreativitet og fantasi fylle dei blanke sidene.

Utmerkingar

For Timothy mister seg sjølv fekk Markhus Nynorsk barnelitteraturpris i 2010.

Bibliografi

  • Kunst og hærverk (Samlaget, 2021)
  • Det runde problemet (Biletbok, Aschehoug, 2019)
  • Ei kjedeleg bok (Biletbok, Aschehoug, 2017)
  • Full fart! (Barnebok, Samlaget, 2016)
  • Epleslang (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Klassebildet (Barnebok, Aschehoug, 2013)
  • God natt. Bok og musikk (Biletbok, Fashion moves literature, 2012)
  • Timothy mister seg sjølv (Biletbok, Aschehoug, 2010)
  • Redd (Biletbok, Aschehoug, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg