Hopp til innhold
X
Innhald

Katedralskule

Katedralskule, skuleslag som vart oppretta i dei fem stiftsbyane (Oslo, Hamar, Stavanger [seinare Kristiansand], Bergen og Trondheim) i tiåra omkring år 1200. Katedralskulane hadde opphavleg som hovudmål å gi presteutdanning, men dei vart etter kvart forskular for universiteta.
Av dei mellomalderske katedralskulane har skulane i Trondheim, Bergen og Oslo overlevd til vår tid utan avbrekk.

 
Skuleball ved Oslo Katedralskule i 1955. Foto: Leif Ørnelund. Kjelde: Oslo Museum. CC BY 3.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.07.2014