Hopp til innhold
X
Innhald

Læringssenteret

Læringssenteret eller Nasjonalt senter for læring og utvikling, senter som vart etablert i Oslo i 2000. Senteret skulle handtere utvikling, vurdering og informasjon innanfor læreplanar, læremiddel og læremiddelstøtte, IKT i opplæring, læringsressursar på nett, kompetanseutvikling, forsking og dokumentasjon, i tillegg til oppgåver på det internasjonale området.
Ved opprettinga av Læringssenteret samla ein arbeidsområde frå tidlegare Nasjonalt læremiddelsenter, Eksamenssekretariatet og Grunnskuleavdelinga og Avdeling for vidaregåande opplæring i KUF.
Læringssenteret gjekk inn i Utdanningsdirektoratet frå 2004.
Klasserom. Foto: Leif Harboe, flickr.com CC BY 2.0
Klasserom. Foto: Leif Harboe, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.07.2014