Hopp til innhold
X
Innhald

Realskule

Realskule, omgrep som har hatt fleire tydingar. Dei første realskulane var skular som vart oppretta av byborgarskapet på første halvdel av 1800-talet for elevar som trong meir avansert undervisning enn den allmugeskulane kunne gi, men som ikkje skulle studere. Opptakskravet var vanlegvis lesedugleik, men enkelte kravde også visse dugleikar i skriving og rekning.
Trondheims borgerlige realskole 1898-99. Ukjend fotograf. Trondhjems borgerlige realskole vart grunnlagt i 1783 med føremål å undervise born frå borgarstanden i språk (tysk, engelsk og fransk), matematikk, naturfag, historie, geografi, skriving, rekning og religion. Jentene fekk også undervising i handarbeid, musikk og fransk. Skulen var mient som eit meir praktisk retta alternativ til å gå latinskulen. Kjelde: Trondheim Byarkiv.

Frå 1848 måtte alle lærde skular som ønskte statsstøtte, knyte ein realskule til seg, det vil seie ei realavdeling. Realskulen var i denne samanhengen forløparen til realgymnaset (frå 1869). Deretter vart omgrepet igjen brukt om det skuleslaget som avløyste middelskulen i 1935. Denne siste realskulen bygde på den 7-årige folkeskulen, og i 1969 gjekk han inn under grunnskulen.

Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 
Sist oppdatert: 15.07.2014