Hopp til innhold
X
Innhald

Reform 94

Reform 94, skulereform som vart sett i verk frå 1. august 1994 for den vidaregåande skulen. All ungdom mellom 16 og 19 år skulle frå då av ha lovfesta rett til ei treårig vidaregåande opplæring som førte fram til ein avsluttande kompetanse: studiekompetanse, fagbrev/sveinebrev eller annan yrkeskompetanse.
 
Elevar ved restaurant- og matfag, Måløy vidaregåande skule. Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune, CC By 2.0
 
Elevar ved restaurant- og matfag, Måløy vidaregåande skule. Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune, CC By 2.0
 
 
Talet på grunnkurs vart redusert frå vel hundre til tretten, og etter hovudmodellen låg spesialiseringa innanfor dei enkelte fagområda til vidaregåande kurs I og II, og/eller som opplæring i arbeidslivet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.07.2014