Hopp til innhold
X
Innhald

Aktivitetspedagogikk

Aktivitetspedagogikk, samlenemning på pedagogiske teoriar som tek utgangspunkt i eigenaktiviteten til elevane, og som særleg er inspirerte av den amerikanske pedagogen John Dewey. Gjennom eigenaktivitet skal elevane utvikle seg til å bli tenkjande, skapande og handlande menneske.
Aktivitetspedagogikken har vore utgangspunktet for fleire pedagogiske reformforsøk. Anna Sethne var ein pioner på dette området i Noreg. Teoriane fekk dessutan stor innverknad på mønsterplanen av 1974.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.06.2014