Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidsskule

Arbeidsskule, pedagogisk retning som tek utgangspunkt i eigenaktiviteten til elevane. Sjølve tileigningsprosessen er like viktig som resultatet. Kunnskapar, haldningar og dugleikar er likestilte mål. Arbeidsskulen blir ofte knytt til Georg Kerschensteiner (1854–1932). Omgrepa aktivitetspedagogikk og arbeidsskule blir ofte brukte om einannan.
Arbeidsskule var også nemninga på ein institusjon for unge lovbrytarar. Desse skulane vart i Noreg avskaffa i 1965.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.06.2014