Hopp til innhold
X
Innhald

Bedriftsintern opplæring

Bedriftsintern opplæring, opplæring for dei tilsette i ei verksemd. Enkelte større verksemder har oppretta bedriftsskular for lærlingar, altså opplæring med sikte på fagbrev eller opplæring som gir kompetanse i fag som er spesielle for verksemda. Omgrepet blir også brukt om intern kursing i verksemder, eventuelt i samarbeid med andre organisasjonar. Føremålet er å styrkje den faglege utviklinga til dei tilsette.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.06.2014