Hopp til innhold
X
Innhald

Hevristikk

Hevristikk (av gresk hevriskein, ’finne’), eigentleg kunsten å finne opp eller finne fram til ny kunnskap eller erkjenning gjennom planmessig søking. I hevristikken er ein meir oppteken av metodar og praktiske resultat enn av reint teoretiske grunngivingar og samanhengar.
Hevristisk undervisning er ein metode som går ut på å la eleven finne fram til resultatet ved å tenkje sjølv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.06.2014