Hopp til innhold
X
Innhald

Seminar

Seminar (latin, eigentleg ’planteskule’), opphavleg ein institusjon for utdanning av geistlege. Seminar er også ei tidlegare nemning på lærarskule. I dag blir ordet dels brukt om kortare kurs, dels om ei undervisningsform som er meir prega av dialog mellom lærarar og studentar enn den tradisjonelle førelesingsforma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.06.2014