Hopp til innhold
X
Innhald

University of Oxford

University of Oxford, eit av dei eldste og mest kjende universiteta i Europa, med røter tilbake til midten av 1200-talet. Universitetet omfattar i alt 40 college, og nokre av dei er svært gamle: University College frå 1249, Balliol frå 1263, Merton frå 1264, Magdalen frå 1458, Corpus Christi frå 1517 og Christ Church frå 1546, som er det største.
 
Kjende kvinnelege college er Lady Margaret Hall frå 1878 og Saint Hugh’s frå 1886.
 
 
 
Christ Church College. Foto: Prabhu B. Doss CC BY SA 3.0
Christ Church College. Foto: Prabhu B. Doss CC BY SA 3.0
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2014
Sist oppdatert: 24.09.2014