Hopp til innhold
X
Innhald

Yale University

Yale University, kjent privat universitet i USA. Det ligg i New Haven i Connecticut og vart grunnlagt i 1701. Universitetet er kalla opp etter Elihu Yale (1649–1721), ein engelsk kjøpmann som var fødd i Boston i Massachusetts, og som testamenterte formuen sin og den store boksamlinga si til universitetet.
Yale University er eit av dei rikaste og mest respekterte i USA. Det har ei rekkje vitskaplege institusjonar og eit av dei største biblioteka i landet.
Yale, biblioteket. Foto: KAALpurush CC BY NC SA 2.0
Yale, biblioteket. Foto: KAALpurush CC BY NC SA 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2014
Sist oppdatert: 24.09.2014