Faktaboks

Helen Bjørnøy

Helen Oddveig Bjørnøy

Fødd
18. februar 1954, Kongsberg, Buskerud

Helen Bjørnøy, generalsekretær i Kirkens Bymisjon 1999-2005.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Helen Bjørnøy er ein norsk prest og politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho har vore miljøvernminister, fylkesmann i Buskerud og generalsekretær i Kirkens Bymisjon og Plan Noreg.

Bakgrunn

Helen Bjørnøy er fødd i Kongsberg og voks opp i Ålesund. Ho gjekk på Ålesund gymnas 1970–1973 og var ferdig utdanna cand.theol. med praktikum frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1981.

Karriere

Bjørnøy arbeidde som ungdomsprest og krinssekretær i Norges KFUK/KFUM i Troms 1982–1985, var kapellan i Tromsø domkyrkje 1985–1986 og kallskapellan i Drammen 1987–1991. Ho var høgskulelektor og seinare førstelektor ved Lovisenberg Diakonale Høgskole 1991–1999. Mellom 1999 og 2005 var ho generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Bjørnøy var generalsekretær i Plan Noreg 2008–2013.

Politisk karriere

Bjørnøy var varamedlem for SV i Balsfjord kommunestyre 1987–1991 og i Drammen kommunestyre 1995–1999 og 2003–2007. Ho var leiar og nestleiar i Buskerud SV i 1993–1997 og medlem av landsstyret i partiet 1996–1998. Bjørnøy var miljøvernminister i regjeringa Stoltenberg II 2005–2007. Som statsråd fekk ho ein del kritikk for miljøpolitikken til regjeringa, og Bjørnøy gjekk av etter SVs dårlege val ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007.mI perioden 2019–2023 sat ho i formannskapet i Lillestrøm kommune for SV.

Frå 2013 til 2019 var ho fylkesmann i Buskerud,

Utgjevingar

Bjørnøy har gitt ut fleire bøker, mellom anna konfirmasjonsboka Ærlig talt (1994) og læreboka Sosialfag, service og etikk (1995) saman med Sindre Eide og Bjørn Thorbjørnsen.

Andre verv og utmerkingar

Ho har hatt mange verv, mellom anna i den norske kyrkja og Norges KFUK/KFUM, var medlem i styret for Pressas faglege utval i 1991–2001, nestleiar i Nei til EU i 1993–1994 og medlem i styret for Senter mot etnisk diskriminering i 1994–2004. Bjørnøy fekk prisane Kunsten å lede i 2004 og Rettferdighetsprisen i 2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg