Hopp til innhold

Skigutane

Skigutane, kles- og friluftsverksemd som har utmerkt seg med ei leiken tilnærming til det dei driv med. Kontora utanfor Voss vert kalla distriktskontor, og dei tilsette kan ha yrkestitlar som talsjef, idémakar eller verdsvevsjef.

Skigutane vart grunnlagt av Hans Engelsen Eide i 1989, og dei første åra selde dei produkt frå klesfabrikanten Bula. Eide var den einaste tilsette fram til 1997, men det var ikkje før i 2001 at den store veksten kom. Då gjekk Øyvind Lauritzen inn i selskapet, som medeigar og som dagleg leiar.
 
Klede er framleis eit viktig produkt for Skigutane, med dei eigenproduserte merkevarene Kari Traa og Vossatassar, og med lisensproduksjon av Bula-kleda. Frå 2006 kjøpte selskapet opp fleire produsentar av skiutstyr – Åsnes skifabrikk, Linken skibinding og Extrem, den største produsenten av ski og snøbrett i Skandinavia. I 2008 gjekk selskapet inn som deleigar av Folgefonn skisenter i Jondal.
 
Hovudkontoret til selskapet er på Voss. Dei har òg kontor i Oslo, Åre, Göteborg og Shanghai, medan produksjonen i all hovudsak er lagd til Kina. Skigutane har butikkar på Voss og i Åre. 60 prosent av selskapet vart sommaren 2010 seld til selskapet Holta Invest.
 
Stig Gunnar Røthe har vore dagleg leiar for Skigutane sidan september 2009. I 2010 har dei 125 tilsette, og selskapet omsette i 2009 for nær 220 millionar kroner. Forretningsspråket er nynorsk.
 
Kjelder
E-post frå Stig Gunnar Røthe, dagleg leiar Skigutane, 17.9.2010
«Holta har inngått ekteskap», nrk.no, publisert 27.02.2010, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7140801 [lesedato 01.03.2011]
Skigutane, nettstad, www.skigutane.no [lesedato 01.03.2011]


Først publisert: 01.03.2011
Sist oppdatert: 13.01.2012