Hopp til innhold

Fabian Stang

Fabian Stang

Fabian Stang, jurist, lokalpolitikar for Høgre i ei årrekkje og ordførar i Oslo 2007–2015. Frå 2016 er han statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Les meir om Fabian Stang

Frederik Stang

Frederik Stang

Frederik Stang, jurist og politikar. Han var i over 30 år ein av dei viktigaste premissgivarane til utviklinga i det norske samfunnet på 1800-talet. I perioden 1873–1880 var han statsminister.

Les meir om Frederik Stang

Ketil Skogen

Ketil Skogen, sakførar, sorenskrivar, redaktør, politikar og kraftutbyggjar. Han var den første som tok juridisk embetseksamen på landsmål.

Les meir om Ketil Skogen

Marit Arnstad

Marit Arnstad

Marit Arnstad, jurist, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag, parlamentarisk leiar for Senterpartiet og statsråd både i Bondevik si første regjering (1997–2000) og i Stoltenberg si andre regjering (2012–2013).

Les meir om Marit Arnstad

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Mateus Gjelsvik, jurist og rettsvitar, og ein av dei fremste målhovdingane tidleg på 1900-talet. Som formann i fleire av dei viktigaste norskdomsorganisasjonane på same tid stod han som ein av dei fremste spydspissane for heile denne rørsla.

Les meir om Nikolaus Gjelsvik

Nils Nilsson Skaar

Nils Nilsson Skaar, avisredaktør og lokal- og rikspolitikar frå Hardanger. Han dreiv avisa Hordaland Folkeblad gjennom meir enn ein mannsalder og sat som stortingsrepresentant mest like lenge.
Les meir om Nils Nilsson Skaar

Ola Mestad

Ola Mestad, jurist og målmann. I 1990-åra var han gjennom fleire år styreleiar både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget.
Les meir om Ola Mestad

Olemic Thommessen

Olemic Thommessen

Olaf Michael Thommessen frå Lillehammer er for perioden 2013–17 vald til stortingspresident, den høgaste posisjonen i Noreg nest etter kongen. Han representerer partiet Høgre og har vore vald inn på Stortinget frå Oppland sidan 2001.

Les meir om Olemic Thommessen

Otto Blehr

Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.

Les meir om Otto Blehr

Paal Berg

Paal Berg

Paal Olav Berg, jurist og politikar for Venstre, var sentral i den norske motstandskampen under andre verdskrigen og var den offisielle leiaren for Heimefronten.

Les meir om Paal Berg

Toril Øie

Toril Øie

Toril Marie Øie, jurist og høgsterettsdomar som i 2016 blei utnemnd til høgsterettsjustitiarius i Noreg. Øie er den første kvinna som har dette embetet, og ho er rangert som den fjerde mektigaste personen i Noreg – etter kongen, stortingspresidenten og statsministeren.

Les meir om Toril Øie