Faktaboks

Johannes Lavik
Fødd
11. september 1883, Kvinnherad, Vestland
Død
29. september 1952, Bergen, Vestland

Johannes Lavik var jurist og redaktør. Gjennom avisa Dagen var han ein sentral opinionsdannar for lekmannsrørslaVestlandet i mellomkrigstida.

Johannes Lavik var fødd i Kvinnherad. Han var son til Andreas Lavik, ein av dei fremste leiarane innanfor den kristne lekmannsrørsla på Vestlandet. Etter å ha utdanna seg som cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1913 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig 1913–1914 og sekretær i Kristeleg Pressekontor i Oslo 1915–1918. I 1919 vart han redaktør for den nyetablerte avisa Dagen i Bergen, som han leidde gjennom ein mannsalder, til 1952.

Lavik arbeidde Dagen fram til å verte ei av dei leiande kristelege avisene i landet. Han var ein omtykt foredragshaldar og publiserte ei rekkje skrifter der han tok opp ulike spørsmål knytte til kristendom og samfunnsliv. Mange av tankane sine har han oppsummert i Spenningen i norsk kirkeliv – kirkehistoriske konturtegninger (1946). Lavik skreiv på bokmål.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Johannes Lavik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01074020007930

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg