Arbeidsløn er betaling for arbeid som er utført for ein arbeidsgivar, sjå òg løn.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål arbeidslønn

Arbeidsløn kan vere naturalløn (mat, losji og liknande) eller pengeløn, det vil seie tidsløn (time-, veke- eller månadsbetaling) eller akkordløn (fast beløp avtala for eit visst arbeid).

Minsteløn for ein type arbeid kan vere fastsett ved lov eller tariffavtale. Normalløn er eit uttrykk for det alminnelege lønsnivået i ein bransje innanfor ein tariffperiode. I høve til prisnivået snakkar ein om nominell løn og realløn. Det første er løna målt i pengar, og det andre er målt i kva ein får kjøpt for pengane etter som mellom anna prisnivået skiftar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg