Oljesølansvar er ansvar for forureiningsskade som er valda ved utstrøyming eller utslepp av olje frå skip eller offshoreinnretning. Oljesølansvaret ligg i tankfart på eigaren av fartøyet, og det gjeld utan omsyn til skuld.

I oljeindustrien ligg oljesølansvaret på rettshavarane, jamfør petroleumslova av 1996, og det gjeld utan omsyn til utvist skuld (objektivt ansvar). Ansvaret vil ikkje kunne bli avgrensa slik som i skipsfart.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg