Etterfølgjande bistand er eit juridisk omgrep som inneber at ein etter gjennomføringa av eit brotsverk hjelper den skuldige for å gje han ein tilsikta fordel, til dømes ved å køyre vekk tjuvegodset.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål etterfølgende bistand

Etterfølgjande bistand blir straffa med bøter eller fengsel i inntil tre år. Dersom hjelpa var avtalt på førehand, blir hjelparen straffa for medverknad til hovudmannen sitt brotsverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg