Hopp til innhold
Logoen til NATO.
Logoen til NATO.
X
Innhald

NATO

NATO (North Atlantic Treaty Organisation) er ein fleirnasjonal forsvarsorganisasjon og eit tryggingsorgan, der Noreg er medlem. Eit angrep på eitt av medlemslanda er å rekne som eit angrep på alle, jamfør artikkel 5 i Atlanterhavspakta.

NATO vart stifta like etter andre verdskrigen, 4. april 1949, i Washington D.C., USA. Medlemslanda den gongen var USA, Storbritannia, Noreg, Danmark, Island, Canada, Frankrike, Italia, Belgia, Nederland, Luxembourg og Portugal. NATO har seinare vorte utvida fleire gonger. I dag har NATO 29 medlemsland.
Halvard Lange signerar Noregs avtale med NATO 4. april 1949. Foto: NATO
Målet med opprettinga av NATO var å sikre ein stabil maktbalanse på det europeiske kontinentet og såleis hindre at Sovjetunionen vart den einerådande stormakta i Europa. Gjennom NATO vart jamvel USA ei europeisk makt. Ifølgje den første generalsekretæren i organisasjonen, Lord Ismay, var føremålet med NATO «å halde russarane ute, amerikanarane inne og tyskarane nede».
Den norske statsministeren, Einar Gerhardsen, uttalte i 1949 at norsk medlemskap i NATO var den einaste sikre måten å tryggje fred og tryggleik i Noreg på.
Grunnlaget for NATO er Atlanterhavspakta, der grunnideen er at statane skal hjelpe kvarandre i tilfelle eit væpna angrep på eitt eller fleire av medlemslanda. Etter artikkel 51 i FN-pakta har alle statar rett til individuelt og kollektivt sjølvforsvar ved eit væpna angrep. Artikkel 5 i Atlanterhavspakta seier at eit angrep på eitt av medlemslanda er å rekne som eit angrep på alle, men medlemslanda avgjer sjølve om pliktene etter artikkel 5 er til stades. Artikkel 5 har berre vorte brukt éin gong, og det var etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: NATO si historie.
Kald krig
Perioden etter andre verdskrigen vert kalla «den kalde krigen». Den kalde krigen var ikkje ein fysisk krig, men ein spent militær situasjon mellom medlemene i NATO og medlemene i Warszawapakta. Begge militæralliansane var uttrykk for at Europa etter verdskrigen var delt i to, og grensa mellom dei to blokkene vart omtalt som «jernteppet». Utvidinga av NATO i 1950-åra, særleg då Vest-Tyskland, men også Tyrkia og Hellas, kom med, skapte ytterlegare spenning. Årsaka til det var at vestmaktene tillét vesttysk opprusting og etablering av eit vesttysk forsvar innanfor NATO. Sovjetunionen oppfatta NATO som eit trugsmål og oppretta den militære alliansen Warszawapakta i 1955. Her vart mellom anna Aust-Tyskland medlem. Dei to delane av Tyskland høyrde altså til i kvar sin forsvarsallianse.
1970-åra var prega av avspenning og rustingskontroll, men tilhøvet mellom dei to blokkene var særleg spent i byrjinga av 1980-åra.
Frå 1950-åra bygde NATO, saman med det norske forsvaret, militæranlegg, radarar og flyplassar i Nord-Noreg. I tilfelle Sovjetunionen skulle gå til angrep på Noreg, organiserte det norske forsvaret seg slik at ein skulle greie å «halde unna» sovjetiske styrkar fram til styrkar frå resten av NATO-landa kom til hjelp. Like over grensa, på Kolahalvøya, bygde Sovjetunionen store militære anlegg, med bombefly og atomvåpen. Årsaka til det var ikkje den geografiske nærleiken til Noreg, men at Kola-basane var ein del av den strategiske avskrekkinga mot USA. Frykta for atomkrig var noko mange følte under den kalde krigen. I 1950- og 60-åra gjennomførte Sovjetunionen fleire atomprøvesprengingar på Novaja Semlja.
Noreg har både under og etter den kalde krigen vore strategisk viktig for NATO, særleg med tanke på landet si geografiske plassering i nord, med grense mot Sovjetunionen, og no Russland.
Jernteppet fell
I 1985 vart Mikhail Gorbatsjov utnemnd til generalsekretær for det sovjetiske kommunistpartiet. Han arbeidde for avspenning mellom aust og vest, nedrusting og samarbeid. I 1989 fall Berlinmuren, og Tyskland vart igjen eitt land i oktober 1990. I 1991 vart Sovjetunionen oppløyst. Desse to viktige hendingane i europeisk historie markerer at den kalde krigen var over, og at «jernteppet» fall.
Som ei følgje av dette fekk NATO nye oppgåver. NATO inngjekk avtalar med dei tidlegare medlemene av Warszawapakta, med det føremålet å styrkje samarbeidet med dei på fleire tryggingspolitiske område. Internasjonale operasjonar som følgje av borgarkrigen i Jugoslavia vart med eitt utslagsgivande for NATO sine oppgåver. Ei mogleg utviding av alliansen kom på dagsordenen i januar 1994, og i november 1995 vart den såkalla IFOR-operasjonen (Implementation Force) sett i verk, på bakgrunn av avtalen om ei fredsløysning for Bosnia-Hercegovina. I 1999 gjennomførte NATO, utan mandat frå FN, luftoperasjonar med bombeangrep for å ramme dei jugoslaviske styresmaktene i Beograd. Årsaka var rapportar om omfattande etnisk reinsing av kosovo-albanarar i den jugoslaviske provinsen Kosovo. NATO meinte at konflikten i Kosovo truga tryggleiken i heile Europa, og i tillegg grunngav NATO krigen med at det hadde oppstått ei humanitær krise. NATO meinte at det måtte militær makt til for å stanse overgrepa mot sivile. At NATO brukte militær makt utanfor alliansen utan FN-mandat, var noko nytt. Det var mange prinsipielle diskusjonar om NATO burde eller hadde lov til å gripe inn i konfliktar utanfor organisasjonen sitt ansvarsområde.
Frå og med 1990-åra har NATO hatt omfattande militært nærvær på Balkan, i Bosnia-Hercegovina, Makedonia og Kosovo. Noreg sende mange soldatar til fredsoperasjonane på Balkan.
Sjølv om EU utarbeidde ein felles forsvars- og tryggingspolitikk i 1990-åra, var NATO likevel ein viktig aktør, med USA blant medlemene. Likevel har EU og NATO vore usamde i ei rekkje spørsmål, mellom anna når det gjeld konflikten på Kypros. Frå og med 2004 har EU teke over NATO sitt ansvar for det militære nærværet i Bosnia-Hercegovina og viser dermed at også EU er ein tryggingspolitisk aktør i Europa.
11. september 2001
Den einaste gongen artikkel 5 i Atlanterhavspakta har vore brukt, var etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001. USA gjekk då til militært angrep mot Afghanistan, der terroristane som stod bak 11. september-angrepet, heldt til. Dette vart, ifølgje Atlanterhavspakta, rekna som eit sjølvforsvars-angrep. Denne oppfatninga var omstridd, også i Noreg. USA sende eigne styrkar til Afghanistan, og fleire NATO-land vart med. Tre år seinare, i 2003, overtok NATO ansvaret for stabiliseringsstyrken ISAF (International Security Assistance Force), som hadde mandat frå FN. Dette er til dags dato den største militæroperasjonen NATO nokon gong har gjennomført, og på det meste hadde ISAF over 130 000 soldatar i Afghanistan. Den viktigaste oppgåva til ISAF har vore å støtte den afghanske staten slik at han også tryggingspolitisk kan stå på eigne bein. Det har skjedd gjennom trening av den afghanske hæren og politistyrkane. Elles har bidrag til den afghanske statsbygginga vore viktig, slik at den afghanske regjeringa kan få kontroll over eige territorium.
I 2014 er det framleis internasjonale soldatar i Afghanistan, og i februar 2014 var det 108 norske soldatar med i ISAF. ISAF vert avslutta i 2014, og frå og med 2015 vert denne operasjonen erstatta av ein ny, Operation Resolute Support, som ikkje er ein kampoperasjon, men som skal trene og øve afghanske tryggingsstyrkar.
Irak og Libya
USA invaderte Irak i det som vert kalla «den andre golfkrigen» i 2003, mellom anna for å fjerne president Saddam Hussein. USA meinte at regimet til Hussein støtta al-Qaida, som stod bak 11. september-angrepet, og at Irak skjulte masseøydeleggingsvåpen.
Krigen var svært omstridd, ikkje berre i USA, men over store delar av verda, og førte til at NATO vart splitta i to leirar. Frankrike og Tyskland var imot invasjonen, medan USA fekk støtte frå mellom anna Storbritannia.
Etter at USA trekte seg ut frå Irak, har NATO-styrkar medverka i opptrening av irakiske styrkar, som mellom anna skal arbeide mot terrorisme i Irak.
I 2011 gjekk amerikanske styrkar til angrep mot Muhammad Gadaffi sitt brutale militærregime i Libya, for å få slutt på borgarkrigen i landet. Operasjonen var godkjend av tryggingsrådet i FN og vart leidd av NATO. Norske jagarfly var med under aksjonen. Også denne gongen var NATO si involvering omstridd.
NATO Response Force
I 2002 omorganiserte NATO den militære og operative delen av organisasjonen for å møte nye utfordringar, mellom anna terrorisme og masseøydeleggingsvåpen. Året etter, i 2003, vart utrykkingsstyrken NATO Response Force (NRF) etablert. 13 000 spesialtrena soldatar er heile tida utrykkingsklare og skal vere operative i lufta, på sjøen og på land. Styrken kan altså rykkje ut på kort varsel, og norske soldatar er ein del av beredskapen, mellom anna gjennom Telemark bataljon. NRF vert oppfatta som kjernen i «nye» NATO, og det er planlagt fleire store militærøvingar frå 2015. Der NATO tidlegare brukte dei nasjonale hærane, er den nye utrykkingsstyrken ein strategi frå NATO for å møte dei trugsmåla organisasjonen står overfor i dag.
Organisasjonen NATO
Det høgaste organet i NATO er Det nordatlantiske rådet. Rådet er sivilt, og generalsekretæren i NATO er leiar av Rådet.
Generalsekretæren er den fremste talspersonen for NATO. Det er Rådet som peikar ut generalforsamlinga, og det skjer gjennom sedvane. Medlemslanda snakkar saman i uformelle kanalar og vert einige om den kandidaten det er minst motstand mot. Dei politiske og personlege eigenskapane til kandidatane er avgjerande.
NATO har aldri hatt ei kvinne som generalsekretær.
Kvart land har ein fast utsending i Rådet, og dei har møte minst éin gong i veka. I tillegg møter utanriksministrane i medlemslanda minst to gonger om året. Det same gjer forsvarsministrane.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Foto: NATO sitt hovudkvarter i Brussel, Belgia. Kredit: UD/ Frode Overland Andersen, Flickr.com CC BY-ND
Foto: NATO sitt hovudkvarter i Brussel, Belgia. Kredit: UD/ Frode Overland Andersen, Flickr.com CC BY-ND
Den militære delen av NATO er underordna den sivile. Det øvste militære organet er Militærkomiteen, Det er forsvarssjefane i medlemslanda som utgjer Militærkomiteen. Komiteen har faste møte og gir råd til Rådet om bruk av militær makt og kva slags konsept som skal utviklast, og som skal liggje til grunn for militær maktbruk.
Dei operasjonelle einingane i NATO er organiserte to stader, ei i Europa og ei i USA. ACO (Allied Command Operation) har hovudkvarteret SHAPE i Casteau i Belgia. ACO har ansvaret for alle operasjonar og for forsvarsplanane. Ved dette hovudkvarteret arbeider militært tilsette frå alle medlemslanda. ACO skal styre NATO sine militære operasjonar gjennom den integrerte kommandostrukturen til alliansen, som har eit nettverk av hovudkvarter rundt om i Europa.
I Norfolk, Virginia (USA) ligg ACT (Allied Command Transformation), som har ansvar for å trene styrkane i NATO, forbetre stridsevna, utføre testar og liknande. Joint Warfare Centre på Jåttå i Rogaland er ein del av ACT.
NATO har finansiert ei rekkje byggjeprosjekt som er lagde inn under forsvarsalliansen, til dømes flyplassar og hamner. NATO har òg ein eigen forsvarshøgskule i Roma i Italia.
NATO i norsk politikk
NATO er i dag grunnlaget for norsk tryggings- og forsvarspolitikk. Det norske forsvaret er difor eit allianseintegrert forsvar. Frå norsk side har det lenge vore skepsis mot at NATO etter kvart la så stor vekt på internasjonale militære operasjonar. Det er difor ei positiv utvikling sett frå norsk side at NATO no rettar merksemda «heim att», og at NATO si rolle som kollektiv forsvarsallianse vert prioritert opp.
Likevel, spørsmålet om medlemskap i NATO har jamleg vore oppe til diskusjon i norsk politikk gjennom dei siste 65 åra. Særleg har saka vore vanskeleg for Arbeidarpartiet. Venstrefløya i Arbeidarpartiet var motstandarar av at Noreg skulle verte medlem i NATO. Fleire ønskte ein nordisk forsvarsallianse som eit alternativ til NATO, og dette vart kalla «den tredje vegen». Opposisjonen i partiet var skeptisk til å binde seg til vestmaktene og var svært skeptisk til atomvåpen. I 1961 var saka så betent at venstrefløya i Arbeidarpartiet braut ut og danna Sosialistisk Folkeparti – forløparen til det som i dag er Sosialistisk Venstreparti (SV).
SV har heile tida vore motstandar av medlemskap i NATO. Men saka var ikkje særleg debattert så lenge partiet sat i regjering saman med Arbeidarpartiet, fram til 2013. Etter valnederlaget i 2013, då den raudgrøne koalisjonen tapte valet, vart NATO igjen eit tema for SV. Partiet Raudt er det andre politiske partiet i Noreg som er motstandar av norsk medlemskap i NATO. I dag er det elles liten diskusjon om NATO i dei andre politiske partia.
I mars 2014 utnemnde Det nordatlantiske rådet den tidlegare statsministeren i Noreg, Jens Stoltenberg, til ny generalsekretær for alliansen frå og med oktober 2014. Han er den første nordmannen som har denne stillinga, og han er dermed den høgast plasserte nordmannen i internasjonal politikk sidan Trygve Lie var generalsekretær i FN i perioden 1946–1952.
Kjelder
«NATO seksti år», Norsk Utenrikspolitisk Institutt, nupi.no: http://hvorhenderdet.nupi.no/Artikler/2008-2009/NATO-60-aar/(part)/1 [lesedato 25.3.2014]
«Nordområdene under den kalde» krigen», atlanterhavskomiteen.no: http://www.atlanterhavskomiteen.no/nettsider/fokus-nord/historie/nordomr%C3%A5dene-under-kald-krig [lesedato 25.3.2014]
«NATO og Norge», atlanterhavskomiteen.no: http://www.atlanterhavskomiteen.no/nettsider/sikkerhetspolitikk/nato/natos-historie/nato-og-norge [lesedato 25.3.2014]
«What is NATO», nato.int: http://www.nato.int/nato-welcome/index.html [lesedato 25.3.2014]
«The NATO Response Force», nato.int: http://www.nato.int/cps/en/natolive/topics_49755.htm?selectedLocale=en [lesedato 25.3.2014]
«Emergency NATO, UN Meetings To Respond To Crisis In Libya», RTT News, rttnews.com: http://www.rttnews.com/story.aspx?Id=1562211 [lesedato 25.3.2014]
«Kriserammet SV børster støv av motstanden mot NATO», nationen.no, publisert 11.11.2012: http://www.nationen.no/tunmedia/kriserammet-sv-borster-stov-av-motstanden-mot-nato/ [lesedato 25.3.2014]
«Rødt – Landets røde rebell», nrk.no: http://www.nrk.no/norge/rodt---landets-rode-rebell-1.6706519 [lesedato 25.3.2014]
«Hard kritikk av NATO etter bombingen i Libya», vg.no: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/libya/hard-kritikk-av-nato-etter-bombingen-i-libya/a/10054862/ [lesedato 25.3.2014]
«NATO», Store Norske Leksikon, snl.no: http://snl.no/NATO [lesedato 25.3.2014]
«Troop numbers and contributions», ISAF, nato.int: http://www.isaf.nato.int/troop-numbers-and-contributions/index.php [lesedato 25.3.2014]
Steven Erlanger: «Russian Aggression Puts NATO in Spotlight», New York Times, nytimes.com, publisert 18.3.2014: http://www.nytimes.com/2014/03/19/world/europe/russias-aggression-in-crimea-brings-nato-into-renewed-focus.html?ref=northatlantictreatyorganization [lesedato 25.3.2014]
Einar Gerhardsen: «Tilslutning til NATO» (tale til landsmøtet i Arbeidarpartiet, februar 1949), uib.no: http://virksommeord.uib.no/taler?id=1043 [lesedato 25.3.2014]
Lars Molteberg Glomnes: «Hva gjør egentlig NATOs generalsekretær?», aftenposten.no, oppdatert 28.3.2014: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Hva-gjor-egentlig-NATOs-generalsekretar-7513498.html#.UzFAnPl5PpU [lesedato 25.3.2014]
Bjørn Olav Knutsen: «Mer sekretær enn general?», aftenposten.no, oppdatert 26.3.2014: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/Mer-sekretar-enn-general-7516452.html#.Uz0l_k0U9aQ [lesedato 25.3.2014]
Foto
Halvard Lange signerar Noregs avtale med NATO 4. april 1949. Foto: NATO, http://www.nato.int/multi/photos/1949/m490404a.htm [lesedato 7.4.2014]
Peikarar

Først publisert: 07.04.2014
Sist oppdatert: 25.05.2017