Hopp til innhold

Gabriel Frøholm

Gabriel Andersson Frøholm, sivilingeniør og major. Ein meiningssterk og framsynt talsmann for moderne vegløysingar og ein stilsikker skribent som hadde sin standardkommando når han ikkje fann gode nynorske avløysingsord for militære kommandoar: ”Gjev gaum!”

Les meir om Gabriel Frøholm

Jens Bratlie

Jens Bratlie

Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka i talen sin i Bondeungdomslaget i Oslo.

Les meir om Jens Bratlie

Ragnar Ulstein

Ragnar Leif Ulstein var aktiv sabotør i Kompani Linge. Etter andre verdskrigen er det knapt nokon som har skrive meir om krigen, og som har intervjua fleire krigsveteranar enn han. Livsverket hans vart å fortelje om dei som var med – dei som ofra livet, og dei som overlevde.

Les meir om Ragnar Ulstein

Verneplikt

Verneplikt

Verneplikt, den plikta statsborgarane i eit land har til å delta i forsvaret av landet sitt. Noreg innførte allmenn verneplikt frå 1.1.2015 og vart det første NATO-landet med kjønnsnøytral verneplikt.

Les meir om Verneplikt