Statens kantiner var ei statleg verksemd som dreiv kantiner i Forsvaret og etter kvart for andre statsinstitusjonar. Verksemda vart oppretta i 1946 og privatisert i 2005.

Kantinetenesta i Forsvaret vart etablert i desember 1946. I 1948 fekk verksemda namnet Forsvarets Kantiner. I 1964 vart namnet endra til Statens Kantiner, og verksemda tok på seg drift av kantiner for andre statlege institusjonar. I 1997 vart forvaltningsverksemda omdanna til eit statsføretak og føremålet utvida til å drive kantine, kiosk og cateringverksemd, permisjonsstader og verksemder knytt til permisjonsstadene.

I 2001 vart Statens kantiner omdanna til statsaksjeselskapet Grødegaard AS (Servina). Samtidig vart eigarskapen overført frå Forsvarsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. I 2005 vart verksemda selt til det danske konsernet ISS.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg