Handlingsregelen slår fast kor stor del av inntektene frå oljeverksemda som frå år til år kan brukast i norsk økonomi.

Handlingsregelen vart vedteken av Stortinget våren 2001, på grunnlag av Stortingsmelding nr. 29 (2000–2001) om retningslinjer for budsjettpolitikken. Inntektene til staten frå oljeverksemda går direkte inn i Statens pensjonsfond utland (SPU), tidlegare kalla oljefondet.

Regelen inneber at Stortinget ikkje skal bruke meir oljepengar på statsbudsjettet enn det som svarer til den årlege avkastinga ein ved inngangen av året kan rekne med å få frå SPU. I utgangspunktet innebar det at Stortinget ikkje skulle bruke meir enn fire prosent av fondskapitalen for å skape balanse i statsbudsjettet. I februar 2017 foreslo regjeringa å setje ned anslaget for fondsavkastinga til tre prosent. I statsbudsjettet for 2018 sette regjeringa anslaget til 2,9 prosent.

Sidan det berre er den forventa realavkastinga som skal brukast, inneber handlingsregelen at fondskapitalen ikkje blir tappa over tid.

Konjunktur

Pengebruken skal tilpassast konjunktursvingingane i økonomien. Den skal med andre ord fungere motsyklisk. Handlingsregelen er tilpassa dette ved at staten skal kunne bruke meir enn tre prosent når økonomien går dårlegare og mindre enn tre prosent når det går bra.

Omgrepet «handlingsregel» er mynta direkte på dette handlingsrommet som dei statlege styresmaktene har fått til å porsjonere oljeinntekter inn i norsk økonomi, avhengig av konjunkturane.

Frå fire til tre prosent

I tillegg til vekslande konjunkturar har auka politiske ambisjonar rokka ved denne prosentregelen. 2010-budsjettet, som vart vedteke etter ein valkamp med kostbare valløfte, baserte seg på 45 milliardar kroner meir i oljepengar enn handlingsregelen på fire prosent tilsa. To år seinare vart likevel budsjettet gjort opp med bruk av berre 3,2 prosent av realavkastinga.

Framståande økonomar, som mellom anna sentralbanksjefen og sjefen for Statistisk sentralbyrå, tok så til orde for at handlingsregelen burde endrast frå fire til tre prosent på grunn av den store veksten i den statlege oljeformuen. I februar 2017 foreslo regjeringa i perspektivmeldinga å setje ned anslaget for fondsavkastinga til tre prosent. Det sluttet hele Stortinget seg til. I dag er derfor handlingsregelen på tre prosent. Bakgrunnen for endringen var forventningar om lågare avkasting av fondet i framtida.

Oppslutning om regelen

Handlingsregelen har frå første stund hatt tilslutning frå alle parti på Stortinget med unntak av Framstegspartiet. Ideen om denne særnorske «regelen» fekk dåverande statsminister Jens Stoltenberg og finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen frå leiande samfunnsøkonomar.

I det politiske miljøet var det få motførestillingar. Handlingsregelen har etter 2001 vore noko alle parti har måtta aksepterte ved alle regjeringsdanningar.

Framstegspartiet sin tidlegare leiar, Carl I. Hagen, er ein av dei få som har argumentert energisk mot dette politiske verkemiddelet. Han ser det som ei tvangstrøye, og har ønskt å bruke endå meir av oljeinntektene til å kjøpe varer og tenester i utlandet, sidan det ikkje vil føre til noko inflasjonspress.

Motargumentet frå økonomar og politikarar er at handlingsregelen vart vedteken ikkje minst for å spare offentlege kroner til framtidige generasjonar når petroleumsinntektene minkar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • St.meld. nr. 29 (2000-2001). Retningslinjer for den økonomiske politikken.
  • Øystein Thøgersen: Forvaltning av petroleumsformuen (Finansavisen 9. februar 2002)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg