Faktaboks

Olav Akselsen
Fødd
28. august 1965, Stord, Vestland
Død
17. august 2021, Stord, Vestland
Olav Akselsen
Av .

Olav Akselsen var ein norsk politikar, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og olje- og energiminister. Han var sjøfartsdirektør frå 2010 til 2021.

Bakgrunn

Olav Akselsen blei fødd i Stord kommune i Sunnhordland. Han var ferdig med vidaregåande skule på Stord i 1984 og tok geografi mellomfag ved Universitetet i Bergen i 1988. Han var tømrar ved Sunnhordland Bygg 1986–1987, og gjekk deretter inn i rikspolitikken.

Karriere

Akselsen var leiar for Stord AUF i 1983–1985 og medlem av styret for Hordaland AUF i 1985–1988. I 1986–1988 var han medlem av styret for Hordaland Arbeidarparti, og han var leiar i Stord Arbeidarparti i 1998–2001. Han var medlem av Stord formannskap i 1983–1989.

Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland i perioden 1989–2009. I 2000–2001 var han olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si første regjering. Som statsråd var han mellom anna ansvarleg for børsnoteringa av Statoil i 2001.

Det breie politiske interessefeltet og dei personlege eigenskapane hans gjorde han til ein sentral stortingspolitikar for Arbeidarpartiet. Han var leiar for justiskomiteen på Stortinget i 1993, energi- og miljøkomiteen i 2000, næringskomiteen i 2001–2005 og utanrikskomiteen i 2005–2009. Akselsen var parlamentarisk nestleiar for Arbeidarpartiet på Stortinget i 2006–2009.

Akselen hadde ei rekkje offentlege verv. Han var leiar for det regjeringsoppnemnde Energiutvalet, som skulle greie ut om energi- og kraftbalansen i Noreg fram mot 2030 og 2050. Utvalet leverte utgreiinga i mars 2012.

Etter 19 år på Stortinget valde han å trekkje seg frå rikspolitikken. I 2009 blei han utnemnd til sjøfartsdirektør. Han tiltredde i 2010 og sat fram til han gjekk av for sjukdom i 2021, kort tid før han døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg