Faktaboks

Geir Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold
Fødd
19. november 1963, Horten, Vestfold
Geir Jørgen Bekkevold.

Geir Bekkevold er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti som var stortingsrepresentant frå Telemark i perioden 2009–2021.

Bakgrunn

Geir Jørgen Bekkevold er fødd i Horten. Han tok vidaregåande skule ved Horten gymnas i 1982, ble cand.theol. ved Menighetsfakultetet i Oslo 1991 og tok praktisk-teologisk seminar ved Universitetet i Oslo 1990–1991.

Bekkevold arbeidde som prest i feltprestkorpset under førstegongstenesta 1991–1992, var tilsett som kapellan i Gjerpen menighet i Skien 1992–2005 og var sokneprest i Borgestad menighet i Skien i 2005–2013. Frå 2021 er han direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Sykehuset Telemark HF.

Politisk karriere

Bekkevold var kommunestyrerepresentant for KrF i bystyret i Skien 1999–2007, medlem av formannskapet 2007–2009 og medlem av Telemark fylkesting 2003–2007. Bekkevold var leiar av Skien KrF 2007–2008 og av Telemark KrF 2008–2010.

På Stortinget var Bekkevold medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen 2009–2013, nestleiar i familie- og kulturkomiteen 2013–2019 og leiar i Helse- og omsorgskomiteen, samt nestleiar i gruppestyret i KrF 2019–2021. Bekkevold leidde òg Stortingets kontroll av regjeringa si oppfølging av 22. juli-kommisjonen.

Andre verv og utmerkingar

Bekkevold har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var medlem av styret i Skien KFUK/KFUM 1993–1995, medlem av styret for Teater Ibsen 2004–2008, styremedlem i Kontorbygg AS i Skien 2007–2009 og styremedlem i Telemark fylkesbibliotek 2007–2011. I 2015 blei han ny styreleiar i KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid). Bekkevold fekk Annette A. Thommessens minnepris i 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg