Faktaboks

Hanne Bjurstrøm
Hanne Inger Bjurstrøm
Fødd
20. september 1960, Oslo
Hanne Bjurstrøm

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Av /Likestillings- og diskrimineringsombudet.
Lisens: CC BY NC 2.0

Hanne Bjurstrøm er ein norsk advokat og tidlegare politikar for Arbeidarpartiet, som er likestillings- og diskrimineringsombod sidan 2016.

Bakgrunn

Hanne Bjurstrøm er fødd i Oslo. Ho tok examen artium ved Hartvig Nissen videregående skole i 1979 og blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1987. I 1990 fullførte ho ein mastergrad i internasjonal jus ved London School of Economics and Political Science.

Karriere

Bjurstrøm var tilsett i lovavdelinga i Justisdepartementet i fleire stillingar i perioden 1987 til 1994 og var byrådssekretær i Oslo i 1994–1995. Seinare arbeidde ho som advokat i Aker RGI frå 1995 til 1997 og hos Regjeringsadvokaten frå 1997 til 2000. Frå 2000 til 2003 var ho dommar og nestleiar i Arbeidsretten, frå 2003 seniorrådgivar i Klima- og miljøverndepartementet og frå 2007 spesialrådgivar og forhandlingsleiar for Noreg i dei internasjonale klimaforhandlingane.

I oktober 2009 blei Bjurstrøm statsråd i Jens Stoltenbergs andre regjering, først med oppgåva å assistere miljøvernministeren i dei internasjonale klimaforhandlingane og frå desember 2009 til 2012 som arbeidsminister.

I tida hennar som arbeidsminister blei det mellom anna gjort ein ny avtale med partane i arbeidslivet om inkluderande arbeidsliv, i 2010. Ei uførereform som inkluderer ny uføretrygd og ny alderspensjon til uføre, blei lagd fram i 2011. Bjurstrøm arbeidde òg ut tiltak mot sosial dumping.

Etter statsrådsperioden gjekk Bjurstrøm attende til Klima- og miljøverndepartementet som spesialutsending for klima. Frå 2013 til 2016 var ho partnar i advokatfirmaet Arntzen de Besche i Oslo. Ho blei likestillings- og diskrimineringsombod i 2016, og overlet stillinga til Bjørn Erik Thon i 2022. Ho gjekk då attende til stillinga som dommar og nestleiar i Arbeidsretten.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg