Hopp til innhold

Alf Holmelid

Alf Holmelid

Alf Egil Holmelid, sivilingeniør, forskingsdirektør ved Universitet i Agder. Stortingsrepresentant 2009—13, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.

Les meir om Alf Holmelid

Christopher Hornsrud

Christopher Hornsrud, politikar og formann i Arbeidarpartiet. Han var statsminister i berre atten dagar, men levde lenger enn nokon annan regjeringssjef i verda, i 101 år.

Les meir om Christopher Hornsrud

Jens Hundseid

Jens Hundseid

Jens Hundseid, landsbrukslærar og politikar. Han tok over som statsminister då sitjande statsminister Peder Kolstad døydde. Han var medlem i Nasjonal Samling og vart under rettsoppgjeret etter krigen dømd til 10 års fengsel.

Les meir om Jens Hundseid

Johannes Helleland

Johannes Helleland, ordførar og stortingsmann for Venstre. Han starta den første folkehøgskulen på Vestlandet og var ei drivkraft i opplysningsarbeidet i 1870- og 80-åra, trass i mykje motgang.

Les meir om Johannes Helleland

Kolbjørn Hauge

Kolbjørn Hauge, lærar og forfattar. Etter den skjønnlitterære debuten i 1991 har krimforteljingar frå vestlandske småbygder vorte varemerket hans. Heit juice (1993) vart kåra til beste krimroman i Norden, og for Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen.

Les meir om Kolbjørn Hauge

Lars Holst

Lars Kristian Holst, pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.

Les meir om Lars Holst

Morten Høglund

Morten Høglund, rådgivar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus 2001—13 og statssekretær i Utanriksdepartementet frå 2013.

Les meir om Morten Høglund

Otto Bahr Halvorsen

Otto Bahr Halvorsen, politikar. Statsminister og formann i Høgre, som med fast hand styrte landet gjennom dei store streikane på tjuetalet. Halvorsen arbeidde for å betre vilkåra for sjuke og fattige.

Les meir om Otto Bahr Halvorsen

Torolv Hesthamar

Torolv Hesthamar, lokalpolitikar, eldsjel i mål- og kulturarbeid, stilsikker skribent og god talar, ofte med snert. Han var ei drivkraft bak skipinga av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

Les meir om Torolv Hesthamar