Faktaboks

Magnhild Hagelia
Fødd
6. mai 1904, Gjerstad, Agder
Død
4. juli 1996, Grimstad, Agder. Gravlagd Gjerstad kyrkjegard
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Småbruker Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine («Mina») Pedersdatter Gryting (1881–1956).

Ugift.

Magnhild Hagelia

Magnhild Hagelia i Stortinget 1962. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Magnhild Hagelia
Av /NTB Scanpix ※.
Magnhild Hagelia
Av /Stortingsarkivet/Scanpix.

Magnhild Hagelia var ein norsk politikar. Ho representerte ArbeidarpartietStortinget i 16 år og var den første kvinna i presidentskapet.

Bakgrunn

Magnhild Hagelia var fødd i Gjerstad i Agder. Ho var elev ved Otto Treiders handelsskole i Oslo i 1933–1934 og tok òg revisorkurs i 1934. Ho var forretningsførar i Gjerstad forsyningsnemnd i 1939–1945, kommunerevisor i Gjerstad i 1945–1947 og tilsett i fylkesrevisjonen i Aust-Agder frå 1948 til ho gjekk av med pensjon i 1969.

Politisk karriere

Hagelia var ein pioner i spørsmål som galdt kvinnene si stilling i samfunnet. Ho var overtydd om at kvinner måtte ta aktivt del der dei politiske diskusjonane gjekk føre seg. Det galdt alle politiske saker, ikkje berre dei typiske kvinnepolitiske sakene den gongen, som var skule- og sosialsaker. Ho engasjerte seg i fagforeiningsarbeid og i partipolitisk arbeid. I 1945 blei ho vald inn som kommunestyrerepresentant i Gjerstad, men flytta frå kommunen rett etter valet. Ho var seinare kommunestyrerepresentant i Fjære i 1947–1951 og 1968–1970, i Øyestad 1956–1959 og i Grimstad i 1971–1972.

Hagelia blei vald som vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder i 1945 og var fast representant i fire periodar, fram til 1965. Ho blei vald til visepresident i Lagtinget i oktober 1961 og var den første kvinna som leidde eit stortingsmøte frå presidentplassen, 9. februar 1962.

Hagelia blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1976 og blei heidra med ein byste ved Grimstad rådhus på 90-årsdagen i 1994, laga av Arne Vinje Gunnerud.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Odd Sættem (red.): Hvem er Hvem? Oslo 1984
  • Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Institusjoner – rekruttering. Oslo 1985

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg