Faktaboks

Kari Nordheim-Larsen
Fødd
23. juni 1948, Nome, Telemark
Kari Nordheim-Larsen
Av /Stortingsarkivet.

Kari Nordheim-Larsen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var bistandsminister i 1992–1997 og fylkesmann i Telemark i 2006–2018.

Bakgrunn

Kari Nordheim-Larsen kjem frå i Nome i Telemark. Ho tok vidaregåande skule i 1967 og var ferdig utdanna adjunkt ved Telemark lærarhøgskole på Notodden i 1984. Ho arbeidde som sekretær i 1969–1973, var timelærar hos AOF (Arbeidernes Opplysningsforbund) i 1973–1981 og lærar ved Hjartdal barne- og ungdomsskule i 1984–1985. Ho var prosjektleiar i Porsgrunn og Telemark i 1986–1987.

Politisk karriere

Nordheim-Larsen var medlem av Skien bystyre i 1979–1990, medlem av Telemark fylkesting i 1979–1995 og fylkesvaraordførar i 1983–1990. Ho var regionsekretær i Arbeidarpartiet i 1991–1992. Ho var bistandsminister i Gro Harlem Brundtlands regjering 1992–1996 og Thorbjørn Jaglands regjering 1996–1997. Frå 1998 til 2002 arbeidde ho som leiar for FN sitt utviklingsprogram i Laos. I 2004–2006 var Nordheim-Larsen rådmann i Hol kommune, og ho var utnemnd til fylkesmann i Telemark i 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg