Hopp til innhold
Eli Sollied Øveraas. Foto: Stortinget.
Eli Sollied Øveraas. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Eli Sollied Øveraas

Eli Sollied Øveraas, lærar og politikar, har vore stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre i Romsdal i tre periodar.

Eli Sollied Øveraas er fødd 15. august 1949 i Ørskog i Møre og Romsdal. Ho fullførte realskulen i 1966 og har sidan teke ulike kurs innanfor skule og undervisning. Ho var konstituert lærar på Svorta skule i Ørskog i 1971–74 og arbeidde som vikarlærar i Vestnes kommune i 1974–93.

Øveraas er medlem av Senterpartiet og vart vald inn i kommunestyret i Vestnes i 1987. Ho var formannskapsmedlem i 1991–95, og seinare i 1999–2001. Ho var medlem av fylkesutvalet i Møre og Romsdal frå 1999 til 2003 og nestleiar i samferdselsutvalet i same fylket i 1999–2001.

Øveraas kom inn på Stortinget første gongen i 1993. Då var ho sekretær i familie-, kultur-, og administrasjonskomiteen. Ho vart vald inn att på Stortinget i 2001 og var då medlem av den same komiteen. I 2005 vart ho vald inn for ein tredje periode, og då var ho medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Øveraas var samferdselspolitisk talsperson for Senterpartiet i den siste perioden, då partiet hennar sat i regjering. Ho kritiserte fleire gonger den raudgrøne regjeringa i media og var særleg oppteken av at løyvingane til vegar skulle stå ved lag.

Øveraas har hatt fleire verv i Senterpartiet. Ho var leiar av Møre og Romsdal Senterparti i 1998–2000, gruppeleiar for partiet i kommunestyret i Vestnes i 1999–2001 og gruppeleiar på fylkestinget i Møre og Romsdal frå 1999 til 2003. Øveraas har òg hatt ei rekkje offentlege verv, for det meste i heimfylket Møre og Romsdal.

Kjelder

Anders Horntvedt: «Løftebrudd vil gi regjeringsbråk», Nationen 22.3.2006

Eli Sollied Øveraas, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ESO [lesedato 7.4.2016]

Store norske leksikon: «Eli Sollied Øveraas», snl.no: https://snl.no/Eli_Sollied_%C3%98veraas [lesedato 7.4.2016]

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017