Faktaboks

Anette Trettebergstuen
Fødd
25. mai 1981, Hamar, Innlandet
Anette Trettebergstuen
Av /Samfoto/NTB.

Anette Trettebergstuen er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for Hedmark sidan 2005. Ho var kultur- og likestillingsminister i regjeringa Støre frå 2021 til juni 2023.

Bakgrunn

Anette Trettebergstuen er fødd på Hamar i Hedmark (no Innlandet). Ho tok vidaregåande skule ved Hamar katedralskole i 1997–2000, grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2000–2001, studerte offentleg styring ved Høgskolen i Oslo (no OsloMet – storbyuniversitetet) i 2002–2003 og tok til på med ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitet i Oslo (2014–2017).

Politisk karriere

Trettebergstuen melde seg inn i AUF som 13-åring. Ho har arbeidd som prosjektmedarbeidar i Europeisk Ungdom i 2000–2002, og var fylkessekretær i Hedmark AUF i 2002. I 2002–2004 var Trettebergstuen leiar i Hedmark AUF og i 2004–2006 sentralstyremedlem i AUF.

Trettebergstuen var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) i bystyret i Hamar i 1999–2005 og medlem av formannskapet i 2003–2005. Ho var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Ap i 2003–2005, før ho blei vald til stortingsrepresentant for Ap frå Hedmark i 2005. Frå 2004 var ho nestleiar i Hedmark Ap og frå 2009 medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.

På Stortinget var Trettebergstuen medlem av utanrikskomiteen i den første perioden sin, andre nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen i 2009–2013 og medlem i same komité i 2013–2015. Ho var andre nestleiar i familie- og kulturkomiteen i 2015–2017 og i 2017–2021. Trettebergstuen tiltredde som kultur- og likestillingsminister i regjeringa Støre i 2021. Politisk har ho særleg arbeid for likestilling i arbeidslivet, for kultur og for europeisk samarbeid.

23. juni 2023 trakk Trettebergstuen seg som minister etter at ho hadde brote reglane for habilitet i utnemningar av personar til offentlige verv og styreposisjonar.

Andre verv

Trettebergstuen har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Ho var leiar av Hedmark Europeisk Ungdom i 1998–2000, medlem av sentralstyret til Europeisk Ungdom i 2000–2001 og politisk nestleiar i organisasjonen i 2001–2002. Ho sat i styret for Europabevegelsen i 2007–2009, og frå 2015 er ho medlem av styret for Hamar Energi Holding.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg