Hopp til innhold
X
Innhald

Stein Arve Ytterdahl

Stein Arve Ytterdahl, sivilingeniør, tidlegare leiar i fleire hjørnesteinsbedrifter, ordførar i Farsund og rådmann i Trondheim. I 2016 blei han den første i embetet som felles fylkesmann for Aust- og Vest-Agder.

Stein A. Ytterdahl er fødd 4. oktober 1951 Farsund, der han òg bur. Han tok Farsund gymnas i 1967–70 og er utdanna sivilingeniør frå NTNU (1971–75), har studert pedagogikk og dessutan tatt leiarprogram ved The Wharton School i Pennsylvania i USA.

Ytterdahl var forskar ved Norsk Hydro i Porsgrunn i 1977–79, driftsleiar ved Hydro Karmøy i 1979–85, seksjonssjef ved Lista Aluminiumsverk i 1985–88 og administrerande direktør ved Sauda Smelteverk i 1988–91. Han var personaldirektør i Statoil i 1991–93 og deretter direktør for Statoil Tjelbergodden i 1993–96. Deretter var han administrerande direktør ved Bredero Price i Farsund i 1996–98 og direktør ved Handelshøyskolen BI i 1998–2000. Han gjekk tilbake til industrien som administrerande direktør ved Boliden Odda i 2000–06.

I 2007 blei han vald til ordførar for Arbeidarpartiet i heimbyen Farsund etter direkte val på ordførar. Han var direktør ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand i 2011–12, og frå 2012 til 2015 var han rådmann i Trondheim kommune, før han blei utnemnd til fylkesmann i Aust- og Vest-Agder for ein periode på seks år. Inntil staden for samlokaliseringa er bestemt, har fylkesmannen hovudkontoret sitt i Arendal.

Politisk var han aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) medan han gjekk på vidaregåande skule og som politikar medan han var student. Han var ordførar i 2007–11 og kommunestyrerepresentant for Ap og vararepresentant til fylkestinget i Vest-Agder i 2011–12.

Ei av første oppgåvene til Ytterdahl som fylkesmann er arbeidet med kommunereforma. I Agder sa berre to av 30 kommunar ja til samanslåing, men Ytterdahl la fram forslag om fem kommunar.

Ytterdahl har hatt ei rekkje ulike verv, mellom anna som leiar av Studentsamskipnaden medan han var student. Han er medlem av det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet om ny kommunelov, frå 2013, styremedlem Distriktssenteret frå 2014, styremedlem i Ungt Entreprenørskap Agder og styreleiar i Saycon og Ytterdahl AS.

Kjelder

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder: «Fylkesmann Stein A. Ytterdahl», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Aust--og-Vest-Agder/Om-oss/Fylkesmann-Stein-A-Ytterdahl1/ [lesedato 6.9.2016]

Vest-Agder fylkeskommune: «Direktør ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter Stein A. Ytterdahl blir rådmann i Trondheim», vaf.no: http://www.vaf.no/arkiv/2012/01/direktoer-ved-bredalsholmen-dokk-og-fartoeyvernsenter-stein-a-ytterdahl-blir-raadmann-i-trondheim/ [lesedato 7.9.2016]

Fædrelandsvennen: «– Ikke noe å rope hurra for», intervju med Stein A. Ytterdahl 24.6.16 (tilgang som abonnent), fvn.no: http://www.fvn.no/lokalt/nyhetsintervjuet/--Ikke-noe-a-rope-hurra-for-3028494.html [lesedato 7.9.2016]

Peikarar

«Trondheims rådmann blir fylkesmann», trondheim.kommune.no

NTNU: «Stein A. Ytterdahl», ntnu.no

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017