Hopp til innhold

Christopher Hornsrud

Christopher Hornsrud, politikar og formann i Arbeidarpartiet. Han var statsminister i berre atten dagar, men levde lenger enn nokon annan regjeringssjef i verda, i 101 år.

Les meir om Christopher Hornsrud

Frederik Stang

Frederik Stang

Frederik Stang, jurist og politikar. Han var i over 30 år ein av dei viktigaste premissgivarane til utviklinga i det norske samfunnet på 1800-talet. I perioden 1873–1880 var han statsminister.

Les meir om Frederik Stang

Jens Bratlie

Jens Bratlie

Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka i talen sin i Bondeungdomslaget i Oslo.

Les meir om Jens Bratlie

Jens Hundseid

Jens Hundseid

Jens Hundseid, landsbrukslærar og politikar. Han tok over som statsminister då sitjande statsminister Peder Kolstad døydde. Han var medlem i Nasjonal Samling og vart under rettsoppgjeret etter krigen dømd til 10 års fengsel.

Les meir om Jens Hundseid

Johannes Steen

Johannes Steen

Johannes Steen, skulemann og politikar. Han var statsminister under unionsaktivismen på 1890-talet, der regjeringa Steen gjekk av to gongar i eit forsøk på å presse gjennom eit eige norsk konsulatvesen.

Les meir om Johannes Steen

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland, skulemann og politikar. Han var første norske utanriksminister, og opptatt av språkpolitikk. Løvland var statsminister først i Sverige, og seinare etter unionsoppløysinga statsminister i Noreg.  

Les meir om Jørgen Løvland

Lars Korvald

Lars Korvald

Lars Korvald, politikar og rektor ved Tomb jordbruksskole. Etter folkeavstemminga om EF i 1972 skipa nei-sida med partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre regjering med Korvald som statsminister.

Les meir om Lars Korvald

Otto Bahr Halvorsen

Otto Bahr Halvorsen, politikar. Statsminister og formann i Høgre, som med fast hand styrte landet gjennom dei store streikane på tjuetalet. Halvorsen arbeidde for å betre vilkåra for sjuke og fattige.

Les meir om Otto Bahr Halvorsen

Otto Blehr

Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.

Les meir om Otto Blehr

Wollert Konow

Wollert Konow, politikar. Han skipa Frisinna Venstre og vart statsminister i 1910. Konow måtte gå som statsminister fordi han erklærte sin kjærleik til nynorsken.

Les meir om Wollert Konow