I 1917 vart den russiske revolusjonen gjennomført, og i Tyskland var den revolusjonære spartakistrørsla aktiv frå 1916 til 1919. Utover i 1920-åra var det ei viss revolusjonsfrykt også i Noreg, og denne frykta var sterk nok til å bli ein viktig impuls for skipinga av Fedrelandslaget i 1925, men i ettertid er det lett å sjå at frykta kvilte på eit spinkelt grunnlag.
Det finst ikkje noko dokumentasjon på at arbeidarrørsla i Noreg har planlagt noko som kan likne på ein revolusjon. Historikaren Hans Fredrik Dahl viser til at det gjekk fleire liv tapt som følgje av brennevinsforbodet enn det har gjort på grunn av revolusjonær verksemd her i landet. I splittingsåra med tre sosialistiske parti – sosialdemokratane, kommunistane (NKP) og Arbeidarpartiet – var det heller ikkje styrke nok til nokon revolusjon.
Etter at Arbeidarpartiet og sosialdemokratane gjekk saman i januar 1927, var det ei anna frykt som melde seg på borgarleg side, og det var at dei sosialistiske partia kunne vinne fleirtal ved val. Det skulle enno gå 18 år fram til det skjedde, men ein fekk eit forvarsel ved valet i 1927. Då gjekk regjeringspartia Høgre og Frisinna Venstre tilbake frå 33 til 25 prosent, mens det no samla Arbeidarpartiet auka stemmetalet frå 18,5 til 36,8 prosent. Samstundes var veljarane lei av mange år med innstramming og tronge tider. No hadde Arbeidarpartiet med sine 59 mandat blitt det største på Stortinget. Regjeringa Lykke leverte sin avskjedssøknad, og spørsmålet alle stilte seg var kven som no skulle få makta.
«En ting må ikke hende. Regjeringsmakten må ikke leveres over til kommunistene», skreiv Aftenposten på leiarplass, og med kommunistane sikta avisa til Arbeidarpartiet. Det var også heilt klart målet for dei borgarlege partia å hindre at Arbeidarpartiet skulle få regjeringsmakt. Eigentleg trudde vel ikkje dei borgarlege partileiarane at Arbeidarpartiet ville ha regjeringsmakt.
Då Lykke gjekk av, viste han kong Haakon til den parlamentariske leiaren i Bondepartiet, Johan E. Mellbye. Kongen ba han finne ut om det var mogeleg å skipe ei borgarleg fleirtalsregjering. Det stranda på Johan Ludwig Mowinckel, Venstres leiar, som på vegne av partiet sitt sa tvert nei til å delta i ei borgarleg samlingsregjering.
Mowinckel rekna nok med at han ville bli den neste som fekk regjeringsoppdraget når Mellbye sitt forsøk fall i fisk. Kongen vart så av Mellbye fortalt at ei borgarleg fleirtalsregjering var uråd. Dernest gjekk ikkje bodet til Mowinckel, men kongen kalla i staden til seg stortingspresident C. J. Hambro.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.