Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Wollert Konow

Wollert Konow, politikar. Han skipa Frisinna Venstre og vart statsminister i 1910. Konow måtte gå som statsminister fordi han erklærte sin kjærleik til nynorsken.

Wollert Konow vart fødd 16. august 1845 på Stend i Fana og døydde på Stend 15. mars 1924. 
 
I norsk historie er det eit særsyn at ein på Stortinget har to leiande politikarar med akkurat same namnet, som er omlag like gamle og som er i nær slekt med kvarandre. Dei var jamvel godseigarar begge to, men dei representerte kvar sin valkrins, og det vart redninga både for samtida og for historikarane når dei skulle skilje dei frå kvarandre.
Dobbelt Konow
Den eine, Wollert Konow frå Hedmark, fekk bokstaven H (for Hedmark) etter namnet sitt. Han var syskenbarn til den andre Wollert Konow frå Søndre Bergenhus. Han fekk difor SB etter namnet sitt. Seinare vart Søndre Bergenhus omdøypt til Hordaland, og då ville heller ikkje dette skiljet ha vore mogeleg.
Konow frå Hedmark sat på Stortinget i nærare 40 år som representant for Venstre. Konow frå Søndre Bergenhus sat også for Venstre, men følgde Christian Michelsen inn i Samlingspartiet og var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909. Deretter vart han statsminister, 65 år gamal.
Video frå NRK Skole: "Venstre er Norges eldste parti":
 
Rike kulturimpulsar
Wollert Konow (SB) vart fødd på Stend i Fana, der faren dreiv stor gard og møllebruk. Faren, som også heitte Wollert Konow, hadde studert i Berlin og Göttingen, der han tok den filosofiske doktorgraden. Han var forfattar og kulturmenneske i vid forstand. Mor til den unge Wollert var dotter til den danske diktaren Adam Oehlenschläger. Ein barndom med rike kulturimpulsar kom også til å prege den seinare politikaren Wollert Konow.
Han vart student og prøvde seg på juss-studiet, men braut av etter eit par år og oppretta i 1868 saman med den radikale venstremannen Nils Juel, ein folkehøgskule på Halsnøy kloster i Rogaland. Dei hadde begge blitt påverka av grundtvigianismen. Seinare vart skulen flytta til Jæren, men alt fire år seinare var han nedlagt.
Wollert Konow var då 28 år og overtok farsgarden på Stend. Han kom der inn i lokalpolitikken og vart ordførar i 1880, eit verv han hadde i mange år. Same året vart han vald til stortingsrepresentant for Søndre Bergenhus, og på Stortinget fann han seg naturleg til rette i Sverdrups venstreflokk. Han var med i førebuingane til riksrettssaka mot ministeriet Selmer, og som president i Odelstinget i 1884, var han sentral i utforminga av tiltalen. 
Tilhøvet til Johan Sverdrup skar seg då Wollert Konow vart ein av hovudtalsmennene for at Alexander Kielland burde få diktargasje. Gjennom denne saka fekk han eit varmt venskap med Bjørnstjerne Bjørnson som varde så lenge Bjørnson levde.
Pressa av Bjørnson
På grunn av standpunktet sitt i Kielland-saka vart han kasta som stortingsrepresentant ved valet i 1888, og i 10 år framover var han ute av rikspolitikken. Han nekta å stille på nytt. Han tykte norsk politikk var småleg og provinsiell. Fleire gongar prøvde Venstre å trekkje han med i politikken att. Han vart i 1891 beden om å bli statsminister i Stockholm, men svara nei.
Bjørnstjerne Bjørnson ville til og med ha Konow til å ta over som Venstres statsministerkandidat i 1893. Bjørnson var svært misnøgd med Johannes Steen. Konow svara igjen nei: «Ryst på hovedet over mig og lad mig sulle i mine meldynger», skreiv han som svar. Han dreiv stor mølleverksemd på Stend.
Også Alexander Kielland appellerte til Konow om å stille, men framleis var det nei. Mest truleg kom vegringa hans av at han sleit med økonomiske problem i gards- og mølledrifta.
I 1895 sa han likevel ja til å vere ein av Venstres representantar i den 3. unionskomiteen, og i 1897 stilte han på nytt som stortingskandidat for Søndre Bergenhus. Det var Bjørnson som hadde pressa han. I to år sat han, før han i 1900 måtte be om permisjon for å ta seg at gardsdrifta heime på Stend. I 1899 var han norsk utsending på den store fredskonferansen i Haag, men elles ville han ikkje ha rikspolitiske verv.
Frisinna Venstre
Han vart grepen av samlingstanken til Christian Michelsen, dette at unionen berre kunne brytast i ein allianse mellom Høgre og Venstre, og støtta dette i skrift og tale, men aktiv politikar ville han ikkje vere før Christian Michelsen i 1909 greidde å få han med som medstiftar av partiet Frisinna Venstre og i neste omgang som stortingsrepresentant for Midhordland krins etter valet i 1909.
Ny leiar for det nye partiet ville han derimot ikkje vere. Partiet hadde ei lang rekkje tidlegare Venstre-hovdingar i rekkjene sine. Frisinna Venstre vart då også i pressa kalla for ei stamme med fleire hovdingar enn indianarar. Partiet var i stor grad Christian Michelsens verk, men han nekta å ha ein posisjon der sjølv. I tillegg til press frå Michelsen og Bjørnson var det først og fremst Konows harme over dei nye konsesjonslovene som fekk han til å aktivisere seg på nytt.
Etter 1905 viste utlendingar stor interesse for oppkjøp av norske fossefall, og det vart nødvendig med endra konsesjonslover som omhandla handel med både fossar, bergverk, industriselskap og skog. Det Konow reagerte mot var at også nordmenn måtte ha konsesjon og ikkje berre utlendingar slik som før, og at staten var sikra for stor kontroll. 
Ved valet hausten 1909 fekk Høgre og Frisinna Venstre fleirtal, og på nyåret då det nye Stortinget kom saman, gjekk regjeringa Gunnar Knudsen av.
Statsminister
Spørsmålet etter valet var om det skulle skipast ei rein høgreregjering eller om det skulle bli ei koalisjonsregjering av Høgre og Frisinna Venstre, og i fall det siste, kven skulle så vere statsminister?
Både Høgre og Frisinna Venstre ønskte Christian Michelsen i den rolla, men han ville ikkje. Konow personleg såg då helst at det vart ei høgreregjering med støtte frå Frisinna Venstre, men igjen var det Christian Michelsen som avgjorde. Han ville ha Konow som statsminister, og med ein lovnad frå Michelsen om at han ville kome til Oslo og hjelpe til om nødvendig, gjekk også Høgre med på ei slik løysing.
Konow var sterk tilhengar av Michelsens tanke om den profesjonelle, saklege og fagleg sterke administrasjonen, ei regjering «under ledelse af landets bedste, klogeste og dygtigste mænd».  Han plukka difor ut statsrådar frå Høgre som mangla parlamentarisk erfaring, og som slett ikkje var dei beste partiet meinte dei kunne stille med. Det vart bråk frå starten av med denne regjeringa, og det skuldast ikkje minst at den nye statsministeren hadde vore ute av det politiske liv så lenge at han ikkje forsto spelet slik det nå hadde blitt. 2. februar 1910 vart regjeringa Wollert Konow utnemnd.
Trass i at regjeringa hadde eit fleirtal i Stortinget bak seg, vart det ei særs svak regjering. Lite vart gjort, og svært få av vallovnadene vart oppfylt. At ikkje regjeringa vart sprengd før har kanskje samanheng med at opposisjonen i Stortinget også var heller tafatt i denne perioden.
Målsak og rabalder
Dei to store Venstre-leiarane, Gunnar Knudsen og Johan Castberg, var begge ute av tinget, og opposisjonen vart leia av Wollert Konow (S.B.) sitt syskenbarn, Wollert Konow (H.). Høgre hadde dessutan store indre problem i form av usemje mellom by- og næringslivsinteressene som var kulturelt liberale og dei frå distrikta som var kulturelt konservative.
Konfliktane var mange, og også innan Frisinna Venstre var det mange som meinte at statsministeren burde bytast ut. Begeret var snart fullt og det rann over då Konow i slutten av januar i 1912 heldt tale i Bondeungdomslaget i Oslo, der han forsikra forsamlinga kor glad han var i nynorsken.
Det fanst ikkje politiske omsyn som kunne få han til å fornekte nynorsken, sa han, «den sak som sterkest har baaret det norske folk frem i det siste halve hundreaar». Han kritiserte også dei som kjempa mot nynorsken.
Straks etter vart det rabalder både i pressa og i Høgre. Fleirtalet i høgregruppa kravde at Konow måtte gå, men han nekta. Han forskansa seg i eit gamal teori om at statsministeren var ansvarleg berre overfor Stortinget, og at det var der han måtte fellast. Det var sjølvsagt ein meiningslaus tanke at ein statsminister skulle halde fram utan støtte frå dei partia som hadde peika han ut, men Konow mangla tydelegvis realitetssans. Han måtte sjølvsagt gå. Også Christian Michelsen slo handa av han, og då var det gjort.
Ei ny regjering under leiing av Høgres parlamentariske leiar, stortingspresident Jens Bratlie, vart skipa.
Kjærleik til nynorsken
Det var ikkje så rart at Wollert Konow kom med ei kjærleiksfråsegn til nynorsken. Alt i 1860-åra hadde han vore med og skipa Vestmannalaget i Bergen, og han tok til å nytte nynorsk i skriftlege framstillingar, men han nytta aldri nynorsk i talane sine. Konow var ekstremt nasjonalistisk, men samstundes svært internasjonalt orientert og open for impulsar frå Europa. Han las mykje og følgde godt med i europeisk kulturliv, men i 1910 hadde tida gått frå han. Han var som far sin, filosofisk av natur, og elska den akademiske diskusjonen.
Ein intellektuell
Han dreiv meir kunnskapsformidling enn politikk frå Stortingets talarstol og det irriterte. «Man har ikke tid til å høre om Spinoza, når man skal like inn å votere», skreiv Høgres leiande politikar på den tida, Fredrik Stang, i dagboka si. 
Dei innlegga Konow hadde i stortingsdebattane var lange og svært springande. Han tenkte høgt mens han tala, og han spedde på med framandord som representantane i salen berre sat og gapte over. Han elska talarstolen i Stortinget, og brukte han med stor vørdnad.
Det fanst høgrefolk som meinte at Konows talekunst var til vel så mykje glede for han sjølv som for tilhøyrarane. Christian Michelsen var klar over desse eigenskapane hos den nye statsministeren når han karakteriserte han som «spekulativt anlagt og lite bestemt». «En abstrakt tenker og resonnør» kalla Fredrik Stang han, men alle såg at han mangla handlekraft. Lagtingspresident Jahren samanlikna Konow med «en gammel vilkaarsmand, som gaar og rusler paa tunet og omkring husene og flytter paa en spade eller et andet redskab her eller der, og mener, at han gjør nytte for maten».
Etter at han gjekk av som statsminister bytte han plass med Jens Bratlie som stortingspresident, og sat som det sesjonen ut. Deretter trekte han seg ut av rikspolitikken, men kommenterte tidvis det som skjedde. Han døydde av halskreft heime på Stend 15. mars 1924.

Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/281881 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013