Hopp til innhold

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet (Ap), norsk politisk parti¸ stifta i 1887. Arbeidarpartiet er mellom dei mest suksessrike sosialdemokratiske partia i verda. Partiet har vore det største partiet ved alle norske val etter 1945 og hatt stor makt. Partileiar er Jonas Gahr Støre.

Les meir om Arbeidarpartiet

Framstegspartiet

Framstegspartiet

Framstegspartiet, norsk politisk parti, stifta i 1973. Partiet er kritisk til omfanget av innvandringa og har bringa meiningar som vart rekna som ukorrekte, inn i det politiske ordskiftet. I 2013 kom partiet for første gong i regjering.

Les meir om Framstegspartiet

Høgre

Høgre

Høgre, norsk politisk parti, stifta i 1884. Høgre har i lang tid vore det dominerande partiet på ikkje-sosialistisk side i norsk politikk og sit i regjering.

Les meir om Høgre

Senterpartiet

Senterpartiet

Senterpartiet, norsk politisk parti, stifta i 1920. Partiet er eit mellomparti med klar distriktsprofil og er sterkt imot EU-medlemsskap. I valet av politisk allierte har partiet gått frå høgre og mot venstre side i politikken.

Les meir om Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Sosialistisk Venstreparti

Sosialistisk Venstreparti (SV), norsk politisk parti, stifta i 1975. SV var særleg den første tida eit tydeleg sosialistisk parti, men har med åra vorte meir oppteke av å fremje saker som gjeld fordeling og miljø. Sosialistisk Venstreparti var i koalisjonsregjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå 2005 til 2013.

Les meir om Sosialistisk Venstreparti